Foredrag om medieskapt frykt

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001. Korleis påverka denne endringa samfunnet idag?

Operatur med Senioruniversitetet

Senioruniversitetet i Ulstein tek i år opp igjen eit tidlegare tilbod. Vi  inviterer medlemar med slekt og vener til Operahuset Nordfjord. Vi har bestilt eit visst tal billettar til førestillinga 7.oktober. Det er Maskeballet av Guiseppe Verdi som står på programmet. Maskeballet bygger på mordet på svenske kong Gustav 3. i Stockholmsoperaen i 1792.

Førsteretten – om urfolk og anna folk

Det er debatten journalist i NRK, Astri Thunold (bildet), ønskjer å reise i Senioruniversitetet sitt temamøte komande torsdag, 19. mars, på Ulstein Kompetansesenter på Reiten. I 2011 laga ho ein tv-dokumentar om saka som vart mykje diskutert innafor det samiske området.

10-års attersyn

På årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein den 28. januar 2015, markerte vi også at det er 10 år sidan starten. I det høve hadde Ingeborg Hofseth og Ruth Torgersen forfatta eit interessant 10-års attersyn som vi gjengir her.

Årsmelding 2014

Årsmøtet 2014 vart halde på Sunnmøre Folkehøgskule 12. februar med 22 frammøtte. Solfrid Røyneland leia møtet. ”Fryd og Glede” underheldt med musikk, og det vart servert kaffi og litt å bite i. Møteinnkalling, årsmelding og rekneskap vart godkjende.

Nytenking i maritim industri

Kva stimulerer og kva hemmar innovasjon? Kva er eigentleg innovasjon? Det vil direktør for R&T Propulsion hos Rolls- Royce Marine AS, Rune Garen, mellom anna snakke om på Senioruniversitetet i Ulstein sitt temamøte komande torsdag 30. oktober.

Gunnar Myklebust

Mellomvalet i USA

Kva vil mellomvalet i USA i november i år ha å seie for Barack Obama sine to siste år som president? Det er tema på haustens første møte i Senioruniversitetet i Ulstein 18. september. Kveldens foredragshaldar er tidlegare journalist og utanriksmedarbeidar i NRK, Gunnar Myklebust.

Temakveldar hausten 2014

Første temakveld hausten 2014 blir torsdag 18. september. Då får vi besøk av Gunnar Myklebust, som også gjesta oss i februar 2012. Gunnar Myklebust har vakse opp i Brandal og Ålesund, er journalist og forfattar og har jobba som utanrikskorrespondent for NRK.

Espolin

Temakveld med Pål Espolin Johnson

Neste temakveld i Senioruniversitetet blir torsdag 3. april på Fredheim kl. 1900 med Pål Espolin Johnson, forfattar, fotograf, reiseleiar, kåsør og tidlegare lektor.