Fyrverkeri på Opera Nordfjord
Tradisjonen tru formidla Senioruniversitetet billettar til den siste søndagsframsyninga 13. oktober på Opera Nordfjord. Ein god gjeng nytta seg av tilbodet om å sjå og høyre den kjende operaen Figaros Bryllup med musikk av Wolfgang Amadeus Mozart. Og det vart ei festframsyning, om enn i drygaste laget. Som operaer flest, var det flust opp med …