2022

Hugnadsamt julemøte

Torsdag 1. desember samla medlemene av Senioruniversitetet seg til det tradisjonelle julemøtet. Møtet vart i år halde på SUFH. Heile 35 medlemer hadde meldt seg på til ein hyggjekveld med god mat og god prat. Julebufféten på SUFH var som vanleg fyrsteklasses. Det vart også servert dessert og kaffi. Før maten heldt Asle Geir Widnes …

Hugnadsamt julemøte Read More »

«Sjtsje ne vmerla Ukraina»

På temamøtet om Ukraina 20. oktober hadde me òg vitjing av Kateryna Horoshehenko som song ukrainske songar for oss. Ho avslutta med den ukrainske nasjonalsongen, og heile møtelyden reiste seg då i respekt for både songen og det ukrainske folket. Her kan du høyre den ukrainske nasjonalsongen, Enno er ikkje Ukraina død:

Slava Ukraini!

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerte tema-møte 20. oktober. Tema var Ukraina. Sofiia og Kateryna, begge flyktningar frå krigen i Ukraina, hadde tatt på seg oppdraget med å fortelle oss om landet sitt. Sofiia stod for presentasjonen av landet. Kateryna underheldt oss med vakker song. Bidraga deira vart avslutta med den ukrainske nasjonalsongen. Sofia opna …

Slava Ukraini! Read More »

Pruvit usim!

Torsdag 20. oktober står Ukraina i sentrum for eit nytt temamøte i Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Møtet vert på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Då får me vitjing av 27 år gamle Sofiia frå Kiev i Ukraina som har måtta røme frå heimlandet sitt. Ho skriv: – Pruvit usim! Hei alle saman! Eg heiter Sofiia. …

Pruvit usim! Read More »

Eit imponerande livsverk!

Eit 30-tals personar møtte fram til temamøtet med Sverre Bjåstad torsdag 29. september. Det var ei forvitneleg soge Bjåstad fortalde om granskar- og bokarbeidet han har drive med gjennom meir enn ein mannsalder. Han fortalde om arbeidet sitt med å skaffe betre oversyn over personar knytte til bygdebøkene for Ulstein og Hareid historie, som for …

Eit imponerande livsverk! Read More »

Debattfilm: Et glass til

Sjøborg kino syner onsdag 5. okt. kl. 18.00 reprise på den danske filmen Druk. Den norske tittelen er Et glass til.  Filmen er framifrå som utgangspunkt for samtalar i ulike grupper. Sitat Wikipedia og andre nettstadar: Filmen vant Oscar for beste fremmedspråklige film i 2021. Under Amandaprisen 2021 vant den klassen for beste utenlandske kinofilm. Om filmen: Fire lærere og …

Debattfilm: Et glass til Read More »

– Hent Bokja!

er ei utsegn som ofte fell kring bordet i oppheta diskusjonar ved ulike små og større familiesamkomer. Bokja er sjølvsagt Sverre Bjåstad si fyrste slektsbok frå 1987. Torsdag 29. september vil Sverre Bjåstad fortelje om arbeidet sitt på eit ope temamøte i Senioruniversitet. Møtet vert halde på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19:00, og det er er …

– Hent Bokja! Read More »

Næringslivet satsar grønt

Eit 40-tals personar møtte fram på Senioruniversitet sitt temamøte med Kjersti Kleven. Tema for møtet var «Det grøne skiftet i næringslivet langs kysten». Kjersti Kleven innleidde med å peike på at Norge ikkje er «verdsmeister i grønt». I Tyskland var dei blant privatfolk for 30-40 å sidan i så måte komne lenger enn vi per …

Næringslivet satsar grønt Read More »

Grøn bylgje langs kysten

Torsdag 25. august opnar Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid haustsemesteret med eit ope temamøte på Vikholmen Aktivitetshus med eit foredrag av Kjersti Kleven, der ho stiller fylgjande spørsmål: Korleis førebur næringslivet på kysten seg til det grøne skiftet, enten dei har verksemda si til lands eller til vanns? Kjersti Kleven er invitert til å snakke …

Grøn bylgje langs kysten Read More »

Ei tid var …

Torsdag 5. mai vert det nytt, ope temamøte i Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Denne gongen vil Asle Geir Widnes Johansen halde eit foredrag om det å skrive lokalhistorie. Som kjent har Asle Geir levert to mursteinar med lokalhistorie frå nyare tid både frå Hareid og Ulstein. Det vert eit foredrag med drøfting av likskapar …

Ei tid var … Read More »