2021

Sterk motstandsrørsle i Ulstein

Omlag 50 personar møtte fra til Senioruniversitetet sitt temamøte med Arnljot Løseth. Løseth er professor i historie ved Høgskulen i Volda, og temaet hans var «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) gjennom eit 10-år, 1940-50». Løseth møtte ei mykje lydhøyr forsamling i Senioruniversitetet som hadde mange spørsmål etter foredraget, særleg om rettsoppgjeret etter krigen og Nortraship-fondet til sjøfolka.

Filosofikurset held fram

Det er endeleg tid for å take opp att filosofikurset med professor emeritus Atle Måseide, som me måtte stogge førre haust på grunn av pandemien. Fyrste kursdag vert onsdag 6. oktober kl. 11-13 i biblioteket i Ulstein Arena. Om fleire har lyst til å melde seg på, kan ein kontakte Atle Måseide, tlf. 99168966, eller e-post atlep628@gmail.com. Dei to neste kursdagane vert 13. oktober og 27. oktober. Atle Måseide skriv fylgjande om kurset vidare:

I Krig og Fred 2

Professor Arnljot Løseth skriv fylgjande om innhaldet i foredraget sitt, «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) – gjennom eit tiår (1940 – 1950)»: – Vår- og sommardagane 1940. – Englandsfarten og motstandsaktiviteten. – Om dei få som støtta opp om okkupasjonsmakta. – Korleis vart det nye nazi-styret organisert (nyordninga)? …

I Krig og Fred 2 Read More »

I krig og fred

I samband med dei årlege forskingsdagane, og i samarbeid med Høgskulen i Volda, byd Senioruniversitetet inn til ein open kveld med professor i historie, Arnljot Løseth. Han vil halde eit fordrag med tittelen «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) – gjennom eit tiår (1940 – 1950)». Temamøtet vert halde torsdag 30. september kl. 19 på Aktivitetshuset Vikholmen.

Om mat og makt

I overkant av 30 interesserte møtte fram til foredraget med agronom, forfattar og samfunnsdebattant Siri Helle, torsdag 26. august. Siri Helle snakka om mat og makt. Ho peika på korleis dei tre største daglegvarekonserna, Norgesgruppen, Coop og Rema, i omfattande grad kan diktere kva varer me finn i daglegvarebutikken – og kva varer me ikkje finn der.

Sviktande likestilling

Eldre menn er mindre kronisk sjuke, betre sikra økonomisk og vert bedre tekne i vare av samfunnet enn kvinner. Også i Noreg vert menn favoriserte. Verda er langt frå likestilt, og kjønnsskilnader i ulike samfunn gjer at menn vert favoriserte framfor kvinner også i alderdommen, konkluderer ein internasjonal analyse.

Siri Helle til Senioruniversitetet

26. august vitjar Siri Helle Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid for å snakke om ernæring og kjedemakt. Forbrukarmakt, seier ein gjerne. Men kva avgjer eigentleg kva varer me tek med oss heim frå butikken? På kva måte styrer dei store kjedene og konserna kva me plukkar ned frå hyllene? Og kva slags aktørar legg premissane for den norske matpolitiske debatten? Siri Helle er også fast skribent i Dag og Tid.

Friske og sjølvhjelpte

Eldre fungerer godt i dagliglivet, og er uavhengige ved stadig høyere alder, ifølge en ny rapport fra Folkehelseinstituttet.

Mellom 1995 og 2017 har antall funksjonsfriske leveår for seniorer i Norge økt med 4,1 år for menn, og 4,6 år for kvinner. Det viser nye funn fra Folkehelseinstituttet (FHI).

Frelse gjennom liding

Professor emeritus og styremedlem i Senioruniversitetet, Atle Måseide, har gjort seg sine eigne refleksjonar etter Putin-møtet: Russland er på mange måtar eit mysterium. Men som dei fleste mysterie har også dette noen trådar som kan vere interessante å trekke i. Da kan mye komme fram. Noen halte Sølvberg i. Men det finst andre.

Eksempelvis er den russisk-ortodokse versjonen av gresk-ortodoks teologi ein av dechiffreringsnøklane til forståing av at landet stadig forblir ei hengemyr trass i alle ressursane dei har.

Slåstkjempa Putin

Denne artikkelen gjev eit innblikk i Putin sin bakgrunn som gjengmedlem og slåstkjempe i ungdomsåra. Han vart berga av ein judotrenar og seinare plukka opp av KGB, der han sette seg som mål å verte Russlands James Bond. Forvitneleg lesnad som eit framhald av Erik Sølvberg sitt nylege føredrag om Putins Russland i Senioruniversitetet.