2021

Putins Russland

Kva vil Putin med Russland? Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid avsluttar vårsemesteret med eit ope temamøte der Russland vert sett på sakskartet. Vi har fått Erik Sølvberg, tidlegare forlagssjef, rektor i vidaregåande skule og faglitterær forfattar til å kome torsdag 22. mai for å halde føredrag for oss på Aktivitetshuset i Ulsteinvik kl. 19.

Årsmøte i Senioruniversitetet

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid heldt årsmøte på Aktivitetshuset Vikholmen 22. april.
Før årsmøtet fekk møtelyden eit tankevekkjande føredrag av kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud frå SSR. Pedagogisk og grundig tok ho oss gjennom historia om avfallshandtering med bilvrak sendt til Hornindalsvatnet for dumping, brenning i Fløstranda og renne på Hovden i Hareid der ein kunne dumpe i fjorden. Haldninga var at ute av syne, ute av sinn, inntil Forureiningslova kom i 1983.

Årsmøtet utsett til 22.04.

17. februar forkynte styret i Senioruniversitetet på denne sida at det utsette årsmøtet vert å halde 8. april. Det viser kor lite ein kan spå, særleg om framtida – for ikkje å snakke om no under pandemien.

Livet som eldre er herleg

Denne artikkelen på nrk.no er litt lang, men vel verdt å lese. Artikkelen stadfestar det me eldre veit, men som dei yngre ikkje kan vite: Livet som eldre er herleg, fullt av romantikk, flørting, reise- og natur- og kulturopplevingar, nye refleksjonar og ny kunnskap.

Innkjøp av vendbar tavle

I fjor haust gjekk Senioruniversitetet til innkjøp av ei tavle/whiteboard til å bruke for ymse studiegrupper og kurs. Tavla er vendbar, går på hjul og ein brukar fargetusjar som ein berre kan tørke av etter bruk.

Betre høyrsel enn før

Godt nytt i denne saka publisert på NRK.no! Men vi vil sterkt rå til høyreapparat. Slike apparat er svært avanserte i dag. Ein kan styre ulike innstillingar med ein app på telefonen.

Grip til pennen eller tastaturet

Senioruniversitetet si Facebook-side kan nyttast til meir enn ein informasjonskanal for styret. Sit du med noko du gjerne vil at fleire av oss burde kjenne til, så send eit tips til oss.

Framveksten av det moderne Ulstein

«Ulstein veks fram» vert lansert i 2021: Prosjektet skal først og fremst handle om framveksten av det moderne Ulstein; frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik. Men prosjektet vil også ha nokre grundige historiske riss bakover i tid. I løpet av 2021 vil både bok og nettside bli lansert.

Godt nytt år frå Senioruniversitetet

Gode medlemar av Senioruniversitetet. Som både kongen og statsministeren har slege fast, har me som folk og land lagt eit vanskeleg år attom oss. Slik har det også vore for Senioruniversitetet. Me har hatt avlysingar og utsettingar av både kursverksemd og opne møte gjennom året. Men ved å strengt fylgje lokale smittevernreglar, har me også fått ymse av programmet vårt gjennomført.