2019

Nato – 70 år

Senioruniversitetet i Ulstein arrangerte temamøte 8. mai i samband med skipinga av NATO i 1949. Føredraget vart halde av professor Jon Hellesnes. Møtet starta med song av Ulstein Mannskor, til glede for eit stort publikum.

Hødd og identitet

100-årsmarkeringa av Hødd på Senioruniversitetet vart ei triveleg stund for dei vel 40 frammøtte. John Osnes leia samtalene mellom Kjell Garnes, Evy Sunndal, Andre Nevstad og deltakarar blant publikum, mellom anna Severin Myklebust som fortalde humoristisk om pengeinnsamlingane til Hødd.

Referat fra Årsmøtet 2019

Årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein vart gjennomført torsdag 14.02.2019, i Aktivitetshuset Vikholmen. Før det ordinære årsmøtet tok til, kåserte Odd Goksøyr og synte lysbilete frå Shetland. Bakgrunn for kåseriet var dikt av den shetlandske diktaren Christin De Luce. Goksøyr hadde sjølv omsett fleire av desse frå lokal shetlandsk dialekt. Han framførde fleire av dikta som song, akkompagnert av seg sjølv på gitar. Andre dikt las han opp. 30 medlemer møtte fram.

Årsmøte 2019 og ei reise til Shetland

Torsdag 14. februar er det årsmøte i Senioruniversitetet i Ulstein på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Men i tillegg til årsmøtesakene vil Odd Goksøyr ta oss med på ei reise til Shetland gjennom landskap, historie, språk og banda mellom Shetland og Norge i ord, bilete og tonar.