2015

Tankevekkande kåseri på julemøtet

30 av Senioruniversitetet sine medlemar var tysdag samla til det tradisjonelle julemøtet på Sunnmøre Folkehøgskule. Og som forventa fekk vi servert ein smakfull julebuffet. Medlemane var såleis gode og mette då sokneprest og tidlegare sjømannsprest Stein Karstensen fekk ordet.

Jul i framandt land

Sokneprest i Stranda og tidlegare sjømannsprest, Stein Karstensen er i år gjest under Senioruniversitetet i Ulstein sitt julemøte tysdag 24. november.

Gardsnamn i Senioruniversitetet

I 1975 var Johan Ottesen initiativtakar til heftet «Stadnamn frå Ulstein». Ut frå si sterke interesse for stadnamn har han gjennom åra samla kring 5000 stadnamn rundt om i Ulstein kommune, og mange av desse namna har han presentert i avisartiklar.

Referat frå temamøte om medieskapt frykt

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001. Korleis påverka denne endringa samfunnet idag? Det var utgangspunktet til høgskulelektor Kristian Fuglseth under Senioruniversitetet sitt første haustmøte.

Foredrag om medieskapt frykt

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001. Korleis påverka denne endringa samfunnet idag?

Operatur med Senioruniversitetet

Senioruniversitetet i Ulstein tek i år opp igjen eit tidlegare tilbod. Vi  inviterer medlemar med slekt og vener til Operahuset Nordfjord. Vi har bestilt eit visst tal billettar til førestillinga 7.oktober. Det er Maskeballet av Guiseppe Verdi som står på programmet. Maskeballet bygger på mordet på svenske kong Gustav 3. i Stockholmsoperaen i 1792.

Førsteretten – om urfolk og anna folk

Det er debatten journalist i NRK, Astri Thunold (bildet), ønskjer å reise i Senioruniversitetet sitt temamøte komande torsdag, 19. mars, på Ulstein Kompetansesenter på Reiten. I 2011 laga ho ein tv-dokumentar om saka som vart mykje diskutert innafor det samiske området.

10-års attersyn

På årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein den 28. januar 2015, markerte vi også at det er 10 år sidan starten. I det høve hadde Ingeborg Hofseth og Ruth Torgersen forfatta eit interessant 10-års attersyn som vi gjengir her.