2014

Nytenking i maritim industri

Kva stimulerer og kva hemmar innovasjon? Kva er eigentleg innovasjon? Det vil direktør for R&T Propulsion hos Rolls- Royce Marine AS, Rune Garen, mellom anna snakke om på Senioruniversitetet i Ulstein sitt temamøte komande torsdag 30. oktober.

Gunnar Myklebust

Mellomvalet i USA

Kva vil mellomvalet i USA i november i år ha å seie for Barack Obama sine to siste år som president? Det er tema på haustens første møte i Senioruniversitetet i Ulstein 18. september. Kveldens foredragshaldar er tidlegare journalist og utanriksmedarbeidar i NRK, Gunnar Myklebust.

Temakveldar hausten 2014

Første temakveld hausten 2014 blir torsdag 18. september. Då får vi besøk av Gunnar Myklebust, som også gjesta oss i februar 2012. Gunnar Myklebust har vakse opp i Brandal og Ålesund, er journalist og forfattar og har jobba som utanrikskorrespondent for NRK.

Espolin

Temakveld med Pål Espolin Johnson

Neste temakveld i Senioruniversitetet blir torsdag 3. april på Fredheim kl. 1900 med Pål Espolin Johnson, forfattar, fotograf, reiseleiar, kåsør og tidlegare lektor.

2014

God aktivitet i Senioruniversitetet i Ulstein

Ingeborg Hofseth var med å starte Senioruniversitetet i Ulstein (SiU) og sat som leiar i sju år. Dei to siste åra har ho vore vara til styret. Andreas Ringstad har vore kasserar fram til i år. Det er såleis ein betydeleg innsats dei to har lagt ned.

Per Egil Hegge

Foredrag om Putin

Journalist Per Egil Hegge skal torsdag halde foredrag om president Putin og kva han vil bruke vinter-OL til. Det er ein spennande foredragshaldar Senioruniversitetet i Ulstein har skaffa seg til møtet i Ulstein rådhus komande torsdag.