Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Foredrag med Einar Lunde – referat

Det var eit skremmande bilete tidlegare Afrika-korrespondent Einar Lunde teikna av Afrika under senioruniversitetet sitt temamøte på Sunnmøre Folkehøgskule 27 april. Omgrepet som gjekk igjen gjennom heile foredraget, var «Made in China».

Einar Lunde: Økonomisk vekst i Afrika

Dagsrevyens tidlegare ankermann og Afrika-korrespondent, Einar Lunde, vitjar Senioruniversitetet i Ulsteinvik komande torsdag med eit spennande foredrag om Kina si rolle i dagens Afrika, og stiller spørsmålet om Kina er i ferd med å bli ei ny kolonimakt.

Temamøte: Kjersti Kleven – Utfordringar i verftsindustrien

Styreleiar ved Kleven Verft, Kjersti Kleven, sitt foredrag på Senioruniversitetet sitt temamøte førre veke gav grunn til optimisme for næringa. Godt arbeid og å vere til å stole på var stikkord i denne samanheng i lag med avansert teknologi.

Årsmelding 2016

Senioruniversitetet i Ulstein starta 2016 med årsmøte på Reiten. Vel tjue medlemmer møtte fram. Før årsmøtesakene viste tidlegare helsesjef Torbjørn Måseide ved ymse øvingar korleis ein kunne halde på styrken i muskulaturen.

Frå statskyrkje til folkekyrkje

Kva betyr avviklinga av statskyrkjeordninga for kyrkja? Korleis vil Den norske kyrkja organisere seg utan å vere del av statens forvaltning? Vil og kan Den norske kyrkja framleis vere ei folkekyrkje etter 1. januar 2017?

Vellukka temamøte om reformasjonen

Over 30 møtte fram til Senioruniversitetet sitt temamøte sist torsdag der professor Anders Aschim frå Høgskulen i Volda heldt eit svært interessant foredrag om kva den lutherske reformasjonen førte til. Vart det eit større handlingsrom eller fleire innskrenkingar for folk her i landet.

Den lutherske reformasjonen i Noreg – grenseoverskriding eller grensesetjing?

Senioruniversitetet i Ulstein opnar hausten komande torsdag 23. september i kantina på Reiten kl 1900, med eit foredrag om reformasjonen ved professor Anders Aschim. Føredraget er ein del av programmet under Forskingsdagane 2016 ved Høgskulen i Volda, og er det første av 26 ulike arrangement mellom 22. og 29. september.

Senioruniversitetet med nye kurstilbod

Senioruniversitetet ønskjer å utvide tilbodet til medlemane. Om her melder seg nok interesserte, vil vi starte kurs i slektsgransking, filosofi og russisk.

Tur til Opera Nordfjord 5. oktober

På grunn av uføresette problem med lisensen til Rosenkavaleren av Richard Strauss, må Opera Nordfjord diverre utsetje denne operaen. I staden byd dei inntil Hoffmanns Eventyr av Offenbach. Senioruniversitet har sine 30 billetter til premieren 5. oktober, med frist for tilbakemelding 1. august.

Bunad som identitetsmarkør

Som utgangspunkt for dagens bunader gjekk direktør på Nordfjord Museene, Anne Kristin Moe, tilbake til folkedraktene på Sunnmøre under sitt foredrag på Senioruniversitetet sitt temamøte 21. april.