Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Jan Inge Sørbø presenterer “Nynorsk litteraturhistorie”

Jan Inge Sørbø har fått strålande kritikkar for storverket Nynorsk litteraturhistorie, som kom ut på Samlaget no i vår. 16. august kjem han til Ulsteinvik for å presentere boka og ta folk med på ei reise i den nynorske litteraturen. Møtet er eit samarbeid mellom Ulstein mållag, Hareid mållag og Senioruniversitetet i Ulstein.

Referat frå temamøtet om demokrati

65 personar møtte fram for å høre professor emeritus Gunnar Skirbekk sitt foredrag på Aktivitetshuset Vikholmen 8. mai. Det vart følgd opp av spørsmål frå eit engasjert publikum.

Triveleg tur i austerled med Ivar Mork

Ivar Mork hadde med seg eit reisefølgje på 45 då han sist fredag vitja Senioruniversitetet i Ulstein på Aktivitetshuset Vikholmen for å fortelje om reisene sine utanfor allfarveg. Det vart ei triveleg reise der ein fekk kjennskap til både historia og kulturen i landa.

Tema for 2018

Her finn de lista over våre tema og aktivitetar i 2018.

Julemøte med Knut Arne Høyvik

Senioruniversitetet inviterer til julemøte på Frivilligsentralen, Skollebakken, i Ulsteinvik 30. november kl. 19.00. I år har vi fått Knut Arne Høyvik til å underhalde oss med temaet «Humor og læring livet ut».

Midtausten – ei hengemyr?

Torsdag 26. oktober kjem utanrikskommentator i VG, Per Olav Ødegård, til Senioruniversitetet i Ulstein med eit svært aktuelt tema. Møtet vert halde i amfiet på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleite.

Den nye nabokjerringa – referat

Det var både opplysande og urovekkande, det tidlegare journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, no dekan ved Høgskulen i Volda, sa under temamøtet i Senioruniversitetet torsdag 28.9 på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik.

Temamøte: Midtausten i krise

Torsdag 26. november kl. 19.00. Foredrag av utanrikskommentator i VG, Per Olav Ødegård. Møtet vert halde i amfiet på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleite.

Temamøte: Den nye nabokjerringa

Senioruniversitetet opnar hausten med temamøte på dagtid torsdag 28. september kl. 13.00 på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik. Tidlegare journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, no dekan ved Høgskulen i Volda, tek føre seg sosiale medier.

Operatur til Nordfjord 14. oktober

Senioruniversitetet har også i år reservert 30 billetter til opera Nordfjord. I år er det ein heilt spesiell opera som vert sett opp ved Opera Nordfjord. «Sildagapet» skildrar det yrande folkelivet i Måløy å midten av 1950-talet då det eventyrlige sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Her møter ein mellom anna brykkjete notbasar, Frelsesarmeen, snurpedans i Turnhallen, kjærleik og sjalusi.