Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Ivar Mork ny leiar i Senioruniversitetet

På årsmøtet i Senioruniversitetet nyleg vart Ivar Mork valt som ny leiar for neste periode etter Inga Ishild Hareide. Han får Anne Kleppe Botnen, Voitto Jokinen, Atle Måseide og Hallgerd Conradi med seg i styret. Marit Aarsheim Steinnes, Ragnhild Kriken Garnes og Ruth Bjørndal Nytun er varamedlemar.

Jørgen Amdam

Berekraftig turisme på dagsorden

Under dette temaet møttest Jørgen Amdam, professor emeritus ved Høgskulen i Volda og Berit Roppen, som er leiar for aksjonsgruppa på Flø, på Senioruniversitetet sitt temamøte 26. september.

Nato – 70 år

Senioruniversitetet i Ulstein arrangerte temamøte 8. mai i samband med skipinga av NATO i 1949. Føredraget vart halde av professor Jon Hellesnes. Møtet starta med song av Ulstein Mannskor, til glede for eit stort publikum.

Hødd og identitet

100-årsmarkeringa av Hødd på Senioruniversitetet vart ei triveleg stund for dei vel 40 frammøtte. John Osnes leia samtalene mellom Kjell Garnes, Evy Sunndal, Andre Nevstad og deltakarar blant publikum, mellom anna Severin Myklebust som fortalde humoristisk om pengeinnsamlingane til Hødd.

Referat fra Årsmøtet 2019

Årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein vart gjennomført torsdag 14.02.2019, i Aktivitetshuset Vikholmen. Før det ordinære årsmøtet tok til, kåserte Odd Goksøyr og synte lysbilete frå Shetland. Bakgrunn for kåseriet var dikt av den shetlandske diktaren Christin De Luce. Goksøyr hadde sjølv omsett fleire av desse frå lokal shetlandsk dialekt. Han framførde fleire av dikta som song, akkompagnert av seg sjølv på gitar. Andre dikt las han opp. 30 medlemer møtte fram.

Årsmøte 2019 og ei reise til Shetland

Torsdag 14. februar er det årsmøte i Senioruniversitetet i Ulstein på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Men i tillegg til årsmøtesakene vil Odd Goksøyr ta oss med på ei reise til Shetland gjennom landskap, historie, språk og banda mellom Shetland og Norge i ord, bilete og tonar.

Ulstein og Hareid – likskap og ulikskap

Senioruniversitetet arrangerte møte 25. oktober, der Marit Kvammen kåserte om likskap og skilnad mellom Ulstein og Hareid. Kåsøren peika innleiingsvis på det naturlege hopehavet mellom dei to bygdene.

Ekeland: Ta autoriteten attende

-Ein treng reorganisere familien og fellesskapet. Foreldremandatet til å seie nei er i ferd med å gå i oppløysing. Dei må ta attende autoriteten som ligg i foreldrerolla. Det meinte professor og sosialpsykolog Tor-Johan Ekeland blant anna under Senioruniversitetet i Ulstein sitt temamøte, som var i samarbeid med Høgskulen i Volda i høve Forskingsdagane.

27.09: Tor-Johan Ekeland om oppvekst

Forskingsdagane i Volda i samarbeid med Senioruniversitetet har fått professor dr. philos Tor-Johan Ekeland til å halde foredrag om oppvekst på temamøtet i Aktivitetshuset torsdag 27. september. Foredraget «Mellom individualisme og fellesskap – dilemma i moderne oppvekst» skulle treffe fleire, også ut over Senioruniversitetet sine medlemer, og det er ope for alle.

Operatur til Opera Nordfjord

Også i år arrangerer Senioruniversitetet tur til Opera Nordfjord. Vi har reservert 30 billetter til «La Boheme» av Giacomo Puccini, til forestillinga 7. oktober kl. 14.00.