admin

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Sviktande likestilling

Eldre menn er mindre kronisk sjuke, betre sikra økonomisk og vert bedre tekne i vare av samfunnet enn kvinner. Også i Noreg vert menn favoriserte. Verda er langt frå likestilt, og kjønnsskilnader i ulike samfunn gjer at menn vert favoriserte framfor kvinner også i alderdommen, konkluderer ein internasjonal analyse.

Siri Helle til Senioruniversitetet

26. august vitjar Siri Helle Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid for å snakke om ernæring og kjedemakt. Forbrukarmakt, seier ein gjerne. Men kva avgjer eigentleg kva varer me tek med oss heim frå butikken? På kva måte styrer dei store kjedene og konserna kva me plukkar ned frå hyllene? Og kva slags aktørar legg premissane for den norske matpolitiske debatten? Siri Helle er også fast skribent i Dag og Tid.

Friske og sjølvhjelpte

Eldre fungerer godt i dagliglivet, og er uavhengige ved stadig høyere alder, ifølge en ny rapport fra Folkehelseinstituttet.

Mellom 1995 og 2017 har antall funksjonsfriske leveår for seniorer i Norge økt med 4,1 år for menn, og 4,6 år for kvinner. Det viser nye funn fra Folkehelseinstituttet (FHI).

Frelse gjennom liding

Professor emeritus og styremedlem i Senioruniversitetet, Atle Måseide, har gjort seg sine eigne refleksjonar etter Putin-møtet: Russland er på mange måtar eit mysterium. Men som dei fleste mysterie har også dette noen trådar som kan vere interessante å trekke i. Da kan mye komme fram. Noen halte Sølvberg i. Men det finst andre.

Eksempelvis er den russisk-ortodokse versjonen av gresk-ortodoks teologi ein av dechiffreringsnøklane til forståing av at landet stadig forblir ei hengemyr trass i alle ressursane dei har.

Slåstkjempa Putin

Denne artikkelen gjev eit innblikk i Putin sin bakgrunn som gjengmedlem og slåstkjempe i ungdomsåra. Han vart berga av ein judotrenar og seinare plukka opp av KGB, der han sette seg som mål å verte Russlands James Bond. Forvitneleg lesnad som eit framhald av Erik Sølvberg sitt nylege føredrag om Putins Russland i Senioruniversitetet.

Putin – ein ny Tsar?

Torsdag 20. mai avslutta Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid vårsemesteret med føredrag om Putins Russland av Erik Sølvberg. Nærare 60 interesserte møtte fram på Aktivitetshuset Vikholmen. Sølvberg innleidde føredraget med å sitere Churchill sitt syn på Russland: «Det er ei gåte i ein løyndom omgitt av eit mysterium».

Putins Russland

Kva vil Putin med Russland? Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid avsluttar vårsemesteret med eit ope temamøte der Russland vert sett på sakskartet. Vi har fått Erik Sølvberg, tidlegare forlagssjef, rektor i vidaregåande skule og faglitterær forfattar til å kome torsdag 22. mai for å halde føredrag for oss på Aktivitetshuset i Ulsteinvik kl. 19.

Årsmøte i Senioruniversitetet

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid heldt årsmøte på Aktivitetshuset Vikholmen 22. april.
Før årsmøtet fekk møtelyden eit tankevekkjande føredrag av kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud frå SSR. Pedagogisk og grundig tok ho oss gjennom historia om avfallshandtering med bilvrak sendt til Hornindalsvatnet for dumping, brenning i Fløstranda og renne på Hovden i Hareid der ein kunne dumpe i fjorden. Haldninga var at ute av syne, ute av sinn, inntil Forureiningslova kom i 1983.

Årsmøtet utsett til 22.04.

17. februar forkynte styret i Senioruniversitetet på denne sida at det utsette årsmøtet vert å halde 8. april. Det viser kor lite ein kan spå, særleg om framtida – for ikkje å snakke om no under pandemien.

Livet som eldre er herleg

Denne artikkelen på nrk.no er litt lang, men vel verdt å lese. Artikkelen stadfestar det me eldre veit, men som dei yngre ikkje kan vite: Livet som eldre er herleg, fullt av romantikk, flørting, reise- og natur- og kulturopplevingar, nye refleksjonar og ny kunnskap.