admin

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Fellesskap i lesegruppe

Medan pandemien herja, vart eit lite jubileum gløymd. Då Senioruniversitet vart etablert 28. januar 2005, kom den første studiegruppa like i kjølvatnet. Gruppa samla seg allereie 15. februar på gamlebiblioteket i Bjørndals Minne og etablerte seg som litteraturgruppe. Denne gruppa  eksisterer framleis – no i meir tidhøvelege lokale i Ulstein Arena. Til no har gruppa …

Fellesskap i lesegruppe Read More »

Bokvennen

Lesarar av Dag og Tid  vert om lag kvar veke minte på at vi har ein litterat i kommunen, der han anten vert trekt ut som vinnar eller vert heiderleg nemnt i bok-quizen som avisa legg ut på tredje siste side: Klok på bok. Litteraten er Gunder Runde – mangeårig filolog ved Ulstein vidaregåande skule, …

Bokvennen Read More »

Vervekampanje med gilde premiar

I Senioruniversitetet ynskjer me oss fleire medlemar. I eine enden fell dei eldste medlemane våre frå av naturlege årsaker, i hin enden krev det aktivitet og informasjon for å få yngre generasjonar inn som medlemar. Det er ein krevjande dørstokk å klive over å erkjenne at ein ikkje er heilt ung lenger, at ein er …

Vervekampanje med gilde premiar Read More »

– Vi vil klare oss lengst mogleg heime, men treng å vere trygge

Desse orda kom frå Ottar Kaldhol, tidlegare ordførar og noverande leiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, under eit ordskifte etter temamøtet i Senioruniversitetet førre torsdag om velferdsteknologi i omsorgstenestene. Og som Kaldhol la til, vi har fått eit anna tankesett når det gjeld eldreomsorga. Før tenkte vi at sjukeheimsplassar var alfa …

– Vi vil klare oss lengst mogleg heime, men treng å vere trygge Read More »

Senioruniversitetet 15 år

Etter å ha lese ein artikkel om «Universitetet for den tredje alder» i magasinet «Vi over 60», tok Ingeborg Hofseth initiativ til lodde stemninga for eit slikt tilbod i Ulstein. Ingeborg tok først kontakt med Guri Saunes som også tende på idéen, og då dei etter kvart tok kontakt med andre i same alder, viste det seg at der var stor interesse for å etablere Senioruniversitet i Ulstein.

Velferdsteknologi i omsorgstenesta

Torsdag 21. oktober kl. 19 på Aktivitetshuset Vikholmen inviterer Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid til nytt temamøte, ope for alle. Denne gongen får me vitjing av kommunalsjef omsorg i Ulstein, Marit Botnen, og prosjektleiar for Velferdsteknologi i Sjustjerna, Hildegunn Utgård. Dei vil greie ut om utviklinga av velferdsteknologi i omsorgstenesta.

Eit fyrverkeri

Dei 25 medlemane av Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid fekk vere med på ei festframsyning då Operahuset på Nordfjordeid synte operaen Jorda rundt på 80 dagar.

Sterk motstandsrørsle i Ulstein

Omlag 50 personar møtte fra til Senioruniversitetet sitt temamøte med Arnljot Løseth. Løseth er professor i historie ved Høgskulen i Volda, og temaet hans var «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) gjennom eit 10-år, 1940-50». Løseth møtte ei mykje lydhøyr forsamling i Senioruniversitetet som hadde mange spørsmål etter foredraget, særleg om rettsoppgjeret etter krigen og Nortraship-fondet til sjøfolka.

Filosofikurset held fram

Det er endeleg tid for å take opp att filosofikurset med professor emeritus Atle Måseide, som me måtte stogge førre haust på grunn av pandemien. Fyrste kursdag vert onsdag 6. oktober kl. 11-13 i biblioteket i Ulstein Arena. Om fleire har lyst til å melde seg på, kan ein kontakte Atle Måseide, tlf. 99168966, eller e-post atlep628@gmail.com. Dei to neste kursdagane vert 13. oktober og 27. oktober. Atle Måseide skriv fylgjande om kurset vidare:

I Krig og Fred 2

Professor Arnljot Løseth skriv fylgjande om innhaldet i foredraget sitt, «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) – gjennom eit tiår (1940 – 1950)»: – Vår- og sommardagane 1940. – Englandsfarten og motstandsaktiviteten. – Om dei få som støtta opp om okkupasjonsmakta. – Korleis vart det nye nazi-styret organisert (nyordninga)? …

I Krig og Fred 2 Read More »