admin

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Frå Kirkeloven til Trossamfunnsloven

Torsdag  31. mars vil Hannelore Måseide snakke om overgangen frå Kirkeloven til den nye Trossamfunsloven av 2021. Det opne møtet vert halde på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19:00. Hannelore har vore medlem av Ulstein sokneråd i 20 år, både som representant frå kommunen og som vald medlem, og ho har vore tett på prosessen fram til …

Frå Kirkeloven til Trossamfunnsloven Read More »

Heider til Hallgerd

På årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid 17. februar vart Hallgerd Conradi Andersen heidra med gåvekort og blomar etter 8 år i styret. Hallgerd hadde sjølv bedd Valnemnda om avløysing.

Nytt frå årsmøtet 2022

Torsdag 17. februar heldt Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid årsmøte på Aktivitetshuset Vikholmen i Ulsteinvik.

Vinnarar av vervekampanjen

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har frå i haust og fram til årsmøtet 17. februar hatt ein kampanje for å verve nye medlemer. Det har vore gilde premiar å tevlast om: Gåvekort på kr 1.500 for vervar og gåvekort på kr 500 for verva.

Det grøne skiftet

Om lag 35 personar, medlemer og ikkje-medlemer av Senioruniversitetet, møtte fram for å høyre foredraget til seniorforskar Nils-Roar Hareide frå Runde Miljøsenter om det grøne skiftet i havet og på kysten.

En gamlings tanker om aldring

Den pensjonerte lektoren Hogne Vndenes går i rette med Åsa Linderborgs kronikk om aldring. På NRK Ytring skriv han mellom anna: Aldringen er ikke en sykdom, den er en konsekvens av å leve et langt liv. Hvis man vil dø uten rynker, må man helst dø ung. Det gjelder å kunne flire av egne rynker, ikke …

En gamlings tanker om aldring Read More »

Avansert koketteri

Åsa Linderborg får svar frå Ingeborg Moræus Hansen i abc-nyheter (klikk på raud skrift). Ho skriv mellom anna: Den ytringen fra Åsa Linderborg er en hån mot alderdommen, mot visdom og respekt for levet liv. Den vitner om en inhuman holdning, en overfladisk og udannet livsførsel hvor man tydeligvis ikke har vokst opp med slektens …

Avansert koketteri Read More »

Skamma over ansiktet

Det går ein debatt i nettavisene om aldring nett no. Den svenske journalisten Åsa Linderborg starta debatten med eit innlegg på NRK Ytring. Ho har fått fleire svar, og det kan vere interessant for oss seniorar å fylgje denne bebatten. Ho skriv (Klikk på den raude teksten får å få opp heile artikkelen): Jeg får …

Skamma over ansiktet Read More »

Fellesskap i lesegruppe

Medan pandemien herja, vart eit lite jubileum gløymd. Då Senioruniversitet vart etablert 28. januar 2005, kom den første studiegruppa like i kjølvatnet. Gruppa samla seg allereie 15. februar på gamlebiblioteket i Bjørndals Minne og etablerte seg som litteraturgruppe. Denne gruppa  eksisterer framleis – no i meir tidhøvelege lokale i Ulstein Arena. Til no har gruppa …

Fellesskap i lesegruppe Read More »

Bokvennen

Lesarar av Dag og Tid  vert om lag kvar veke minte på at vi har ein litterat i kommunen, der han anten vert trekt ut som vinnar eller vert heiderleg nemnt i bok-quizen som avisa legg ut på tredje siste side: Klok på bok. Litteraten er Gunder Runde – mangeårig filolog ved Ulstein vidaregåande skule, …

Bokvennen Read More »