admin

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Vinn, vinn og vinn

Eit 50-tals medlemer og andre interesserte møtte fram for å høyre Brian Tsuyoshi Takeda sitt føredrag om selskapet Urchinomics, som han er gründer for. Møtelyden fekk ei oppleving den einskilde seint vil gløyme. Brian synte seg å vere ein eksepsjonelt dyktig pedagog og formidlar, og det han fortalde om dette eventyret gav fleire av oss …

Vinn, vinn og vinn Read More »

Kråkebolle-eventyret

På temamøte torsdag 20. april kl. 19:00, på Biblioteket i Ulstein Arena (N.B. ikkje Aktivitetshuset Vikholmen), har me bokstavleg tala ein godbit å servere: Brian Tsuyoshi Takeda vil fortelje om selskapet sitt, Urchinomics, og det verdsomspennande kråkebolle-eventyret med sete i Ulstein. Temamøtet er ope for alle. Brian Tsuyoshi Takeda er CEO og gründer av Urchinomics.  …

Kråkebolle-eventyret Read More »

Bok – Løpe Ulv

Løpe ulv av Kerstin Ekman

Hausten 2022 kom ei lita bok som raskt vart lagt merke til. Så var det heller ingen kven som helst som ga ut boka. Tett oppunder 90 år gav Kerstin Ekman ut ei bok som vert karakterisert som ei perle: Løpe ulv.

Årsmøtet 23

Eit halvt hundre medlemer møtte fram på årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid, torsdag 2. mars. Leiaren Ivar Mork helsa medlemene velkomne og fortalde litt om styret sine planar for året. Ein arbeider med mange spanande og interessante namn for temamøta i 23,  men ein møter svært høge honorarkrav som er langt ut over …

Årsmøtet 23 Read More »

Datatreffet

Digital problemløysing for seniorar Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerer kurs på Frivilligsentralen i Ulsteinvik kvar måndag kl. 10-12. Du treng ingen kunnskapar om emna på førehand. Vi instruerer kvar einskild utifrå føresetnader, ynskje og behov. 1. E-post – send og tak imot meldingar/foto/dokument etc.  2. Facebook – sosialt og kontaktskapande plattform mellom slekt og vener.3. …

Datatreffet Read More »

Hugnadsamt julemøte

Torsdag 1. desember samla medlemene av Senioruniversitetet seg til det tradisjonelle julemøtet. Møtet vart i år halde på SUFH. Heile 35 medlemer hadde meldt seg på til ein hyggjekveld med god mat og god prat. Julebufféten på SUFH var som vanleg fyrsteklasses. Det vart også servert dessert og kaffi. Før maten heldt Asle Geir Widnes …

Hugnadsamt julemøte Read More »

«Sjtsje ne vmerla Ukraina»

På temamøtet om Ukraina 20. oktober hadde me òg vitjing av Kateryna Horoshehenko som song ukrainske songar for oss. Ho avslutta med den ukrainske nasjonalsongen, og heile møtelyden reiste seg då i respekt for både songen og det ukrainske folket. Her kan du høyre den ukrainske nasjonalsongen, Enno er ikkje Ukraina død:

Slava Ukraini!

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerte tema-møte 20. oktober. Tema var Ukraina. Sofiia og Kateryna, begge flyktningar frå krigen i Ukraina, hadde tatt på seg oppdraget med å fortelle oss om landet sitt. Sofiia stod for presentasjonen av landet. Kateryna underheldt oss med vakker song. Bidraga deira vart avslutta med den ukrainske nasjonalsongen. Sofia opna …

Slava Ukraini! Read More »

Pruvit usim!

Torsdag 20. oktober står Ukraina i sentrum for eit nytt temamøte i Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Møtet vert på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Då får me vitjing av 27 år gamle Sofiia frå Kiev i Ukraina som har måtta røme frå heimlandet sitt. Ho skriv: – Pruvit usim! Hei alle saman! Eg heiter Sofiia. …

Pruvit usim! Read More »

Eit imponerande livsverk!

Eit 30-tals personar møtte fram til temamøtet med Sverre Bjåstad torsdag 29. september. Det var ei forvitneleg soge Bjåstad fortalde om granskar- og bokarbeidet han har drive med gjennom meir enn ein mannsalder. Han fortalde om arbeidet sitt med å skaffe betre oversyn over personar knytte til bygdebøkene for Ulstein og Hareid historie, som for …

Eit imponerande livsverk! Read More »