admin

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har eit medlemstilbud med variert program retta mot samfunnsengasjerte vaksne. Formålet vårt er å gje seniorar høve til å auke kunnskapen sin om emner dei er interesserte i gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar, med meir.

Finland – vår utsette nabo

Morten Jentoft held onsdag 6. mai foredrag med temaet «Finland – vår utsette nabo» på Sunnmøre Folkehøgskule i regi av Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Journalist og forfattar Morten Jentoft har vore korrespondent for NRK i to periodar i Moskva i Russland. Han har dekt krigen mellom Russland og Ukraina tett i lang tid. Jentoft …

Finland – vår utsette nabo Read More »

Bilde viser ein lundefugl som er på veg til reiret sitt for å mate ungane sine

Kvifor forsvinn sjøfuglane frå Runde?

Velkomen til årsmøte og foredrag ved Ulstein og Hareid Senioruniversitet Torsdag 12. februar klokka 1900. Tidlegare leiar for Runde Miljøsenter Nils-Roar Hareide  held foredrag på årsmøte til Senioruniversitetet Torsdag 12. februar klokka 19.00. Han skal snakke om samspelet mellom sjøfuglane og fiskebestandane på Mørekysten. Sjøområda her er av dei aller mest  produktive områda i verda. …

Kvifor forsvinn sjøfuglane frå Runde? Read More »

Foto: Karl August Swanstrøm

Foredrag med Marie Nedregotten Sørbø om Jane Austen

Torsdag 18. september er det klart for ein ny programkveld i Senioruniversitetet for Ulstein og Hareid. Då kjem Marie Nedregotten Sørbø til Store Vikholmen i Ulsteinvik for å fortelje om den kjende britiske forfattaren Jane Austen. Møtet er ope for alle. Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Høgskulen i Volda. Ho tok doktorgrad …

Foredrag med Marie Nedregotten Sørbø om Jane Austen Read More »

Nytt blikk på Palestina og Israel

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerer møte med professor Inger Marie Okkenhaug frå Høgskulen i Volda, med tema “Nytt blikk på Palestina og Israel.” Torsdag 22.05 klokka 19:00 på Vikholmen Bakgrunnen er ei bok med tittelen “Historien om Palestina og Israel i moderne tid,” der ho er medforfattar saman med professor Jens Johan Hyvik ved …

Nytt blikk på Palestina og Israel Read More »

Fyrverkeri på Opera Nordfjord

Tradisjonen tru formidla Senioruniversitetet billettar til den siste søndagsframsyninga 13. oktober på Opera Nordfjord. Ein god gjeng nytta seg av tilbodet om å sjå og høyre den kjende operaen Figaros Bryllup med musikk av Wolfgang Amadeus Mozart. Og det vart ei festframsyning, om enn i drygaste laget. Som operaer flest, var det flust opp med …

Fyrverkeri på Opera Nordfjord Read More »

Kan vi stole på Russland?

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid byd inn til temamøte med Bjørn Inge Ruset, torsdag 24. oktober kl. 19:00 på Aktivitetshuset Vikholmen. Bjørn Inge Ruset har jobba i Forsvaret i inn- og utland sidan 1986 og har veksla mellom operative stillingar, undervisning/forsking og etterretning/tryggleik, mellom anna ved Forsvarets Høgskole, Forsvarsstaben, Etterretningstenesta, Norsk Utanrikspolitisk Institutt og Krigsskolen. …

Kan vi stole på Russland? Read More »

Songane som sette spor

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid får torsdag 26. september vitjing av høgskulelektor Arild Torvund Olsen for å snakke om den nynorske populærmusikken. Olsen er aktuell med ei bok om dette emnet. Møtet vert halde kl. 19:00 på Aktivitetshuset Vikholmen. Det vert elles loddsal, enkel servering og fri entré for alle. Mange har ei sterk tilknyting …

Songane som sette spor Read More »