NRK-profil Magnus Takvam har arbeidd som politisk kommentator med dagleg gange i Stortinget sidan 80-tallet. Det er ein av Norges beste politiske kommentatorar som kjem til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Det skjer på Hareid Folkebibliotek under Hareidstemna torsdag 15. oktober kl 13
Magnus Takvam tok til som politisk kommentator i ei tid då Berlinmuren nettopp hadde falle, og Europa var prega av tru på framtida og optimisme. Da han slutta i NRK i 2022 hadde Russland nettopp gå til angrep på Ukraina. Takvam arbeider no som frittståande forfattar og kommentator om Norsk politikk. Han har tidligere vore politisk kommentator og journalist i NRK fram til 2022, og etter det i Altinget.
Han vil i foredraget dele av sine erfaringar som kommentator og fortelje om de store endringene som har skjedd. Både i rolla media spelar og dei store endringane i det politiske landskapet rundt oss. Han vil også vurdere den politiske hausten på heilt kort sikt, etter at statsbudsjettforslaget vart lagt fram. Er det interesse for det, er det også fint med spørsmål frå salen.
Takvam tek oss med bak kulissane i norsk politikk, og fortel om korleis politikken og politikarane har endra karakter på dei førti åra han har vandra i korridorane på Stortinget.
Foredraget kjem altså berre få dagar etter at Stortinget igjen har drage på seg offentleg merksemda gjennom høyringane om utanrikstenesta si rolle knytt til dei såkalla «Epstein-avsløringane».
Ei historisk hending på Løvebakken var det elles då kong Haakon for nokre få dagar sidan for første gong stod for den offisielle opninga av Stortinget som konge. Då Takvam begynte som politisk kommentator var det kong Olav som stod for dette.
Foredraget er både ei personlig forteljing. og eit spanande innblikk i politiske prosessar som har endra samfunnet, med klartenkte analyser av tillitskrisa mellom folk og folkevalde, og av det intrigante samspelet mellom politikk og media

