Kakebordet i norske konfirmasjons-selskap

– Kvifor er mange opptatt av at det skal vere meir enn nok kaker på kakebordet i norske konfirmasjonsselskap?

Dette er eitt av dei spørsmåla førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive, drøftar på den første samlinga i haustsemesteret til Senioruniversitetet for Ulstein og Hareid på Aktivitetssenteret i Ulsteinvik torsdag 24. september. Valen Kleive arbeider ved Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda.  I forskinga og undervisninga si jobbar ho med kvardagssreligion, religion i skulen og korleis minoritetsungdom forheld seg til tru.

Ho vil også kome inn på på kven det er som bakar konfirmasjonskakene og om det framleis er vanleg med etterpåselskap.

Sjølv om det er ein del forsking på konfirmasjonsundervisning i Norge er det forska lite på feste etter undervisninga og seremoniane. På konfirmasjonsfesten, som er eit av landets største årlige ritual, er kaker og kakebord sentrale element. I den nylig publiserte artikkelen “Sweet relations. Exchange of Cakes in Norwegian Celebrations” har Hildegunn Valen Kleive analysert kaker og kakebyte og på kva måte desse er viktige for sosiale relasjonar, støttande nettverk og regionale ideal.

Det blir som vanlig kaffi og vafler og loddsal etter foredraget.

Det neste temamøtet i regi av Senioruniversitetet UH blir med den tidlegare NRK-profilen Magnus Takvam på Hareid Folkebibliotek om ettermiddagen onsdag 15. oktober. Med framlegget til statsbudsjettet som bakteppe, vil Takvam snakke om det journalistiske arbeidet på Stortinget.

Arrangementet går inn som ein del av Hareidstemna.