– Målet med stiftinga Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete er å formidle historia, kulturen og bygda gjennom å byggje eit langhus etter gamal tradisjon, på sikt utvide med fleire bygningar , naust og båtar på Leira sentralt i bygda. Slik kan ein kan nyte vakker natur, lære og oppleve vikinghistorie og vikingkultur.
Slik er «kongstanken» bak det nye vikingsetet i Hjørungavåg som Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid inviterer til presentasjon av torsdag 18. juni klokka 19.00.
Det var ei gruppe eldsjeler i bygda som kom saman for å lage planane utviklinga av friområdet heilt inne i botnen av Liavågen. Området hadde lege urørt sidan stortingspresident Reiulf Steen i 1986 avduka Jarle-bautaen der i samband med markeringa av 1000 årsminnet etter Slaget ved Hjørungavåg.
Ronny Nipen, ei av desse eldskjelene, vil torsdag ta oss med både til bakgrunnen for vikingsetet og ikkje minst det krevjande arbeidet som har vore lagt ned for å få dette huset ferdig i den stand vi ser det i dag. Han vil også vise oss rundt i det eventyrlege huset.
Etterpå vert det servert drikke og spekemat til uformelle refleksjonar rundt borda.
Arrangementet markerer slutten på vårsemesteret for Senioruniversitetet
Vi kjem tilbake i september med eit arrangement i samarbeid med Høgskulen i Volda med hovudtema «Tillit». Men detaljane er ikkje klare.
Klart er det imidlertid at tidlegare politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, kjem til Hareid 15. oktober for å fortelje om sitt arbeid gjennom fleire ti-år «tett på makta» i Stortinget. Dette vert eit arrangement på dagtid på Hareid folkebibliotek og ein del av Hareidstemna.

