Finland – vår utsette nabo

Morten Jentoft held onsdag 6. mai foredrag med temaet «Finland – vår utsette nabo» på Sunnmøre Folkehøgskule i regi av Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid.

Journalist og forfattar Morten Jentoft har vore korrespondent for NRK i to periodar i Moskva i Russland. Han har dekt krigen mellom Russland og Ukraina tett i lang tid.

Jentoft har også jobba med Finland og finsk historie gjennom mange tiår, og han har skrive fleire bøker om emnet. Den siste «Finland- vår utsatte nabo», kom ut i oktober 25.

Finland er Norges naboland og nordmenn og finner har mykje til felles som « småsøsken» i den nordiske familie. Men Finland har ei mykje meir dramatisk historie enn Norge, med blodig borgarkrig og to krigar mot naboen i aust -Russland.

Vinterkrigen i 1939 fekk stor sympati i Norge og mange melde seg frivillig og kjempa på finsk side. Norge braut dei diplomatiske forbindelsene med Finland i 1941 då Finland samarbeidde med nazi- Tyskland.

Det har og vore periodar med mistenksomheit og dårleg stemning mellom Norge og Finland grunna ulike tryggingspolitiske val.

Som eit resultat av krigen i Ukraina har no Finland blitt NATO-medlem. Dette har ført til at Norge og Finland står kvarandre nærare enn nokon gong tidlegare i historia. Vi har fått eit meir samla Norden.

Avslutningsvis i foredraget vil Jentoft reflektere rundt kva retning han trur Russland vil ta etter Putin.

Senioruniversitetet avsluttar vårsemesteret med møte i Hodr Hjørungavåg vikingsetet 18.juni. Det vart ein presentasjon av vikingsetet, men elles er ikkje programmet heilt spikra enno.

Portrett:  Line Ørnes Søndergaard/Klassekampen