Oppvekst i individualismens tid – utfordringar og dilemma

Torsdag 19. mars klokk 19:00 er det klart for ein ny programkveld i Senioruniversitetet for Ulstein og Hareid. Då kjem Tor-Johan Ekeland til Store Vikholmen i Ulsteinvik for å snakke om oppvekst i individualismens tid. Tor-Johan er professor emeritus dr.philos. i sosialpsykologi ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda

Det er i dag ein urovekkande auke i psykiske plager hos barn og ungdom. Som eit alternativ til diagnosar og individforklaringar, vil foredraget analysere desse plagene som del av vår livsform, som baksida av eit hyperindividualisert samfunn. I alle kulturar har fellesskapen og vaksenverda hatt ei sams oppgåve overfor barnet: å hjelpe det til å vekse inn i kulturen og «bli som oss». I samsvar med framveksten av moderne vestleg individualisme og verdien av sjølvrealisering, har dette endra seg. Målet er no at barnet skal «bli seg sjølv». Men ingen kan «bli seg sjølv», eller skape ein identitet utan i forhold til ein fellesskap. I moderne oppvekst har misforholdet mellom fellesskap og individ blitt eit kulturelt problem som m.a. resulterer i ulike former for psykiske helseproblem.