Torsdag 18. september er det klart for ein ny programkveld i Senioruniversitetet for Ulstein og Hareid. Då kjem Marie Nedregotten Sørbø til Store Vikholmen i Ulsteinvik for å fortelje om den kjende britiske forfattaren Jane Austen. Møtet er ope for alle.
Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Høgskulen i Volda. Ho tok doktorgrad på forfattarskapen til Austen i 2009. Den engelske forfattaren var fødd i 1775 og døydde i 1817.
Nedregotten Sørbø omtalar Austen som ei føregangskvinne i litteraturhistoria. Ho blir rekna som ein morsfigur for den seinare realistiske romanen. Ho skreiv realistisk lenge før dei fleste andre forfattarar i England og Norge. Mange av romanane hennar er filmatiserte, noko som har gjort henne ekstra godt kjend i notida.
Mange tenker kanskje at Austen var ein lettbeint forfattar. – Men det var ho slett ikkje, seier Nedregotten Sørbø. – Ho kjem absolutt ikkje inn under kiosklitteratur.
Hennar kanskje mest kjende roman er ”Stolthet og fordom”. Men også ”Emma”, ”Overtalelse”, ”Fornuft og følelse”, ”Mansfield Park” og ”Northanger Abbey” høyrer med i rekka av viktige verk. Ho skreiv også noveller.
Romanane hennar skildrar livet til den engelske overklassa ute på landsbygda – og alle romanane krinsar rundt temaene kjærleik, ekteskap og familietilhøve. Ho var prestedotter og vart sendt til Oxford for å studere. Ho var døden nær etter eit tyfus-åtak.
Ho gifta seg aldri og var lenge plaga av sjukdom og døydde berre 41 år gamal.
Senioruniversitetet sine aktivitetar rettar seg mot samfunnsengasjerte vaksne og har som mål å auke kunnskapen om interessante emne gjennom forelesningar, foredrag, studieringar, sosiale aktivitetar med meir.
Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid

