Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerer møte med professor Inger Marie Okkenhaug frå Høgskulen i Volda, med tema “Nytt blikk på Palestina og Israel.” Torsdag 22.05 klokka 19:00 på Vikholmen
Bakgrunnen er ei bok med tittelen “Historien om Palestina og Israel i moderne tid,” der ho er medforfattar saman med professor Jens Johan Hyvik ved Universitetet i Søraust-Noreg. Vi byrja å skrive fordi vi såg behovet for ei slik fagbok på norsk, fortel Okkenhaug.
Målet var å sjå på historia til Palestina og Israel i moderne tid. Frå tiåra før 1900-talet, og historia til dette geografiske området heilt fram til vår tid.
Forfatterane har teke føre seg kvar sin tidsbolk. Hyvik har skrive om tida etter 1948, då staten Israel blei oppretta i ei definerande brytningstid regionen, medan Okkenhaug har skrive seg fram til 1948 og undersøkt dei bakanforliggande årsakene til det skulle tvinge seg fram.
Manuset var langt på veg ferdigstilt før det skjebnesvangre Hamas-angrepet 7.oktober 2023, og dei påfølgande lidingane i Gaza. Vi bestemte oss derfor for at vi ikkje kunne gå djupt inn i det som no skjer i denne boka. På eit vis er det ei forlenging av det som har skjedd tidlegare, sjølv om dette er mykje meir brutalt , og blir formidla tettare på oss enn før.
“Ein blir sjølvsagt slått av kor urettferdig situasjonen er, og det er vanskeleg å ikkje bli farga av det-men dette må ikkje gjere at ein som historikar ikkje klarer å gå inn og verkeleg prøve å skjøne dynamikken i det som foregår.”
HVO-professor Inger Marie Okkenhaug.
Foto: HVO / Steinarr Sommerset