På årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid, torsdag 6. februar, får me vitjing av professor Rolf Werenskjold få Høgskulen i Volda. Han vil ta føre seg dei lange linene i norsk utanriksjournalistikk 1945-2025 og analysere utanriksjournalistikken si tyding for korleis vi oppfattar verda ikring oss – frå den kalde krigen til ein ny og usikker verdsorden. Møtet vert halde på Aktivitetshuset Vikholmen frå kl. 19. Denne fyrste delen av møtet er ope for alle interesserte, med fri entré og enkel servering før sjølve årsmøtet tek til.
Werenskjold vil fokusere på samtida, sett gjennom media sine auge og frå media sitt perspektiv Han vil snakke om emne som: Geopolitikk, samanbrotet i den internasjonale rettsorden. Russland/USA/Kina – kva no Europa? Høgreorienterte og autoritære regime og rørsler på frammarsj. Demokrati og liberal orden under press. USA under Trump – kva no? Media(av)makt, redaktørstyrte eller eigarstyrte media, sosiale media og Fake News.
Rolf Werenskjold er professor i medievitskap ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, Norge. Han har ein doktorgrad i medievitskap og journalistikk frå Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Han er historikar og medieforskar og har publisert studiar om media og protestar i 1968, moderne amerikansk historie, norske media og den spanske borgerkrigen. Han er ekspert på norsk utanriksjournalistikk, og arbeider for tida med eit prosjekt som sett søkelyset på nordiske og baltiske media si dekning av Sovjetunionen/Russland og Aust-Europa under og etter den kalde krigen.
Foto: Olav Standal Tangen