Kan vi stole på Russland?

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid byd inn til temamøte med Bjørn Inge Ruset, torsdag 24. oktober kl. 19:00 på Aktivitetshuset Vikholmen.

Bjørn Inge Ruset har jobba i Forsvaret i inn- og utland sidan 1986 og har veksla mellom operative stillingar, undervisning/forsking og etterretning/tryggleik, mellom anna ved Forsvarets Høgskole, Forsvarsstaben, Etterretningstenesta, Norsk Utanrikspolitisk Institutt og Krigsskolen. Frå 2015 til 2023 arbeidde han mykje med intern tryggleik, revitalisering av totalforsvaret og til slutt forsking knytt til krigen i Ukraina.

Ruset har teke utdanning ved Krigsskolen, Forsvarets stabsskole, Försvarshögskolan i Stockholm Han har hovudfag i Statsvitskap frå Universitetet i Oslo samt sjefskurset på Forsvarets Høgskole.

Björn Inge Ruset var ordførar i gamle Norddal kommune 2007-2015 og fylkestingsrepresentant 2011-2013. Han er for tida kommunedirektør i Fjord kommune.

Ruset vil snakke under tittelen Kan vi stole på Russland? Han vil gje oss ein analyse og ei vurdering av Noreg sin nye tryggingspolitiske situasjon etter Putin sine autokratiske ambisjonar om å atterreise Russland som eit imperium, slik det var under tsarane og i sovjettida. Åtaket på Ukraina, krigen i Tsjetsjenia, presset mot Georgia og Armenia – og Belarus som eit lydrike under Russland, kan ein sjå på som ein lekk i denne planen.

For Noreg sin del, kjem dette særleg til uttrykk i Arktis med Russland si nye interesse for å reposisjonere seg på Svalbard og styrkinga av den russiske Nord-flåten. Ei drivkraft i dette er den raske klimaendringa i Arktis, som vil opne ei isfri sjørute frå Asia til Europa. Ruset vil òg snakke om Kina si interesse for å posisjonere seg i Arktis, mellom anna ved pågangen for å kjøpe privateigd land på Svalbard, og like eins tingingane med Kirkenes kommune om ei kinesisk konteinarhamn der.

Møtet er ope for alle, og som vanleg vert det loddsal og enkel servering.