Tradisjonen tru formidla Senioruniversitetet billettar til den siste søndagsframsyninga 13. oktober på Opera Nordfjord. Ein god gjeng nytta seg av tilbodet om å sjå og høyre den kjende operaen Figaros Bryllup med musikk av Wolfgang Amadeus Mozart. Og det vart ei festframsyning, om enn i drygaste laget.
Som operaer flest, var det flust opp med forviklingar. Stykket var spunne rundt ein greve som var meir enn høg på seg sjølv, og som skulle ta opp att ein gammal tradisjon om å ha første natta med brura. Men ho var av det lystige slaget og allierte seg med grevinna. Ettersom dette var siste framsyninga, kan ein røpe at det ikkje gjekk greven sin veg. Han var jo van med å legge seg etter kvinnene, og for eit maktmenneske som han, var han òg van med å få det som han ville.
Kan slike historier seie oss noko i dag? Det er nok opp til den einskilde, men det er ikkje vanskeleg å tenkje på figurar i vår tid som berre tar føre seg, anten det no er metoo eller i politikken. Det som var med å gjere denne operaen til ei festframsyning, var kostymane. Her hadde koreografane og scenografien tatt det heilt ut. Det som etterkvart skulle syne seg å vere foreldra til Figaro, er noko av det mest barokke vi har sett på år og dag.
Ouverturen og somme ariar er kjent stoff, men som alltid var det tonar både til sinn og hjarte som òg underbygde handlinga. Voldingen Louise Engeseth imponerte stort i rolla som Barbarina. Her har Sunnmøre fostra eit verkeleg talent som det er verd å følgje med i åra som kjem!
Elles er operamiljøet i Nordfjord ikkje til å kimse av, med eige kor og tett samarbeid med Eid vidaregåande skule, der heile 6 liner med lærarar var involverte “back stage”. Med operaorkester av musikarar frå heile regionen vår, er det retteleg mange som utgjer dette unike operamiljøet. Det er berre å glede seg til kva dei set opp neste år! Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid gir eit godt puff med å la dette også vere eit tilbod til medlemane.
Ref: Hallgerd Conradi