Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid får torsdag 26. september vitjing av høgskulelektor Arild Torvund Olsen for å snakke om den nynorske populærmusikken. Olsen er aktuell med ei bok om dette emnet. Møtet vert halde kl. 19:00 på Aktivitetshuset Vikholmen. Det vert elles loddsal, enkel servering og fri entré for alle.
Mange har ei sterk tilknyting til den nynorske populærmusikken. Songar som «Gangdøra», «Vi vandrar saman» og «Ein farfar i livet» rører noko i oss, og slike plateinnspelingar har vore med på å løfta nynorsken opp frå papiret og inn i hjarta til folk.
Arild Torvund Olsen er høgskulelektor og ein ivrig platesamlar. I mange år har han samla aktivt på vinylplater med nynorske songar, og heime i Eiksund har han no det som truleg er den største privatsamlinga av nynorskplater. I den nye, gjennomillustrerte boka si, Slagersong og svartmetall – godbitar frå den nynorske populærmusikken, fortel han historia om dei fyrste 80 åra med nynorsk populærmusikk på plate, frå 1938 og fram til 2018. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du mimrar om, og plater du gler deg til å høyra på.
Arild Torvund Olsen tek med seg platespelaren til Vikholmen for å fortelja historia bak nokre utvalde godbitar frå nynorsk platehistorie. Kva er koplinga mellom Einar Gerhardsen og platekarrieren til Marie Lovise Widnes? Kva rolle spelte Maria Parr då dei største slagerane til Odd Nordstoga vart laga? Og kva har Netflix og Herbjørn Sørebø med nynorsk populærmusikkhistorie å gjera?