Ein forvitneleg kveld

Meir enn 50 interesserte møtte fram til professor Jan Inge Sørbø sitt foredrag om Arne Garborg. Sørbø forklarte fyrst kvifor han meinte at Arne Garborg burde vere den femte, store norske forfattaren, og den einaste av dei fire som skreiv på landsmål. Han argumenterte slik: Garborg skreiv den beste romanen på 1800-talet, Fred, han skreiv den beste diktsamlinga, Haugtussa, han skreiv den beste kronikken, om Hanna Winsnes’s Kokebok og dei beste brevromanane, m.a. Kolbotnbrev. Alle skrivne på 1800-talet. Garborg var òg ein aktiv bidragsytar til mange aviser, og skreiv innsiktsfullt og meiningssterkt om mange emne som var oppe i samtida. Han skreiv jamvel eit teaterstykke som vart synt på Det norske teateret.

Sørbø tok også opp den sterke skuldkjensla Arne Garborg bar på heile livet. Han trudde at årsaka til at faren tok livet av seg, var at Arne ikkje ville take over farsgarden, men studere. Sørbø forklarte at dette ikkje var den eigentlege årsaka til faren sin misere, men ei rettssak som grannane reiste mot han, og som han tapte. Det fekk faren til å tippe over, særleg med bakgrunn i den myrke og gledeslause gudstrua han sleit med.

Arne Garborg sleit òg med gudstrua, ettersom han såg Gud gjennom faren, at dei to var eitt. I 1870-åra vann han gjennom dette og erklærte seg som ateist, men mot slutten av livet kom denne religiøse grublinga att. Etter kvart  kjende han seg sterk nok til å vende attende til kultur og landskap frå barndomen på Jæren og konfrontere den vonde arven.

Arne Garborg var ihuga nasjonalsinna, han dyrka landsmålet, men han var også ein kosmopolitt som sanka idear og inspirasjon frå mange kulturar, særleg gjennom lengre opphald i utlandet. Han meistra mange europeiske språk, i det minste kunne han lese dei. Såleis kunne han lese det nye testamentet på gresk, og det gamle på hebraisk.

Det vart ein kveld der alle, også me som meinte at me visste eitkvart om Garborg sitt liv og virke, fekk ny innsikt og ny informasjon om denne bautaen i nynorsk skriftkultur – den femte store, ifylgje professor Sørbø.