Arne Garborg – den femte av dei fire store?

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid får torsdag 29. august vitjing av professor Jan Inge Sørbø, som vil fortelje om Arne Garborg, både mennesket og skriftene hans. I år er det 100 år sidan han denne bautaen i nynorsk skriftkultur døydde. Møtet vert halde kl. 19:00 på Aktivitetshuset Vikholmen. Det vert elles loddsal, enkel servering og fri entré for alle.

Då Gyldendal skapte uttrykket «dei fire store i norsk litteratur», tok dei med berre forfattarar på deira eige forlag. Difor kom ikkje Arne Garborg med. Men sett frå dagens synspunkt er det berre han som kan konkurrera med Henrik Ibsen i aktualitet og moderne problemstillingar.

Garborgs forfattarskap grip gjennom hans eiga, traumatiske livshistorie, som heile tida ligg under. Det imponerer ved hans enorme kunnskap om litteratur og tenking i samtida. Det tek opp problem som vi på ingen måte er ferdige med, ikkje minst når det gjeld kva makt pengane skal ha i moderne folkestyre. Og i tillegg til at det byd på inderleg lyrikk og ugløymande naturskildringar, er den dystre Garborg ein av dei store humoristane i norsk litteratur.

Garborg skreiv skarpsindige og vittige essay, nokre av dei beste romanane i sin generasjon, truleg den beste romanen på 1800-talet og det første store nynorske dramaet. I tillegg sette han om litteratur frå tysk, gresk og sanskrit. Kanskje var han den største av dei fem store. 

Jan Inge Sørbø har undervist i litteratur ved Høgskulen i Volda i 35 år, og har gjeve ut biografien “Arne Garborg – frå bleike myr til alveland”