GLIMT AV RASOFIEL RISE

Torsdag 23. mai vert det nytt temamøte i Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Denne gongen er det Johs. Klungsøyr som skal i elden og fortelje om Rasofiel Rise (1844-1929), den gåverike guten frå Hareid som, mellom mange andre storverk, vart opphavet til den fleirstemte korsongen i bygda. Som kjent er det reist ei statue av han på heimegarden. Johs. Klungsøyr vil denne kvelden gi oss nokre glimt av denne  multikultur-hovdingen.

Johs. vil særleg fortelje om eit handskrive notat som nett er funne. Det skildrar Rasofiel Rise sine ferdaminne frå ein tur til Kristiania i mai 1877. Det heiter at han gjekk heile vegen frå Veblungsnes til Kristiania for å gå i lære hos kunstmålaren Knud Bergslien. Etter to månader tok pengane slutt, og han la på heimveg over Ringerike, opp Valdres og over til Sogn (kjelde: Wikipedia).

Johs. Klungsøyr er sjølv ei eldsjel og ein drivande god formidlar. Han har vore primus motor for å få fram i ljoset soga om den gåverike Rise-familien som vart viktige kulturberarar i Hareid i fleire generasjonar. Johs Klungsøyr starta i arbeidslivet som konsulent i Postdirektoratet i Oslo. Seinare var han Formannskapssekretær i Ulstein kommune i 37 år. Som hobby har han vørdsla og stelt garden Bigset i Bigsetbakkane i 53 år. Som pensjonist har han i 20 år leia restaureringsarbeidet på Rasofielgarden Vonheim i Bigset. Han er også kjend som ein veteranbilentusiast og har skrive bok om dei fyrste bilane og bussane på Hareidlandet.

Før Johs. Klungsøyr slepp til, vert det kulturinnslag ved to ungdomar som har gjort det svært skarpt i Ungdommens Kulturmønstring i år – og andre liknande konkurransar. Det er Rostyslav Starodubtsev (13 år) og Viktoriia Starodubtseva (11 år). Dei spelar ulike typar trekkspel.

Møtet vert som vanleg halde på Aktivitetshuset Vikholmen, torsdag 23. mai kl. 19. Det vert loddsal, enkel servering, og møtet er ope for alle.