Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid byd inn til temamøte med Ann Charlotte Franke om mat og helse med fokus på eldre, torsdag 25. april kl. 19 på Aktivitetshuset Vikholmen. Møtet er ope for alle. Fri entré og enkel servering.
Ann Charlotte Franke er utdanna akupunktør, homeopat, kosthaldrådgivar og kognitiv terapeut. Ho har mange års erfaring innan heilskapleg og testbasert helse. Målet er å hjelpe menneske til betre helse og livskvalitet med enkle grep.
Ho er oppteken av å sjå årsakssamanhengar og å tilpasse tiltak til kvar einskild. Ho har meir enn 30 års erfaring frå klinikk, 25 av desse i Ulsteinvik, og har også eigne erfaringar knytte til utfordringar med helsa.
Tema som vil kome opp: korleis kan ein halde seg frisk så lenge som råd? Kan me redusere aldringsfarta? Korleis kan me halde oppe normale fysiske funksjonar og ha eit hovud som fungerer normalt til siste dag. Og ikkje minst, få lov til å døy frisk.
Knytt til desse spørsmåla, vil ho særskilt snakke om prosessert kontra ultra-prosessert mat. Kva gjer denne maten med oss? Me ser eit konsistent mønster i dag: dei som et mest ultra-prosessert mat, har større risiko for å utvikle helseproblem.
Måten me lever på i dag, samanlikna med for 100 år sidan, skaper trøbbel, noko som burde engasjere oss alle. Velkomne til ein lærande kveld med fokus på grep me alle kan gjere for å betre helsa vår.