Senioruniversitet i Ulstein og Hareid heldt årsmøte 12. mars 2024. Fleire konkurrerande tilskipingar denne dagen, førte til at berre 15-20 medlemer møtte fram.
Før årsmøtet tok til var det underhaldning og foredrag. Fyrst i elden var Odd Goksøyr med diktlesing og visesong. Han framførte eigenomsette verk av poeten Robert Bly og poetane/musikarane Leonard Cohen og Bob Dylan m.m.
Etterpå var det CEO Harald Nordal sin tur til å fortelje om det Ulstein-baserte selskapet Hyperthermics som er heilt i front i verda når det gjeld å levere anlegg for biogass (metan) frå alle typar organisk avfall henta frå fiskeoppdrett, landbruk, næringsmiddelindustri osv. Prosessen, som byggjer på hypertermiske bakteriar, er patentert på verdsbasis. Det vert no bygd slike anlegg i mange land, der biogassen kan leverast til allereie eksisterande nettverk for fossilgass.
Bakteriane vert hausta frå såkalla hyperheite «skorsteinar» på havbotnen, frå oljekjelder og vulkanar. Ved ein temperatur på 80 grader Celsius kan store mengder organisk avfall konverterast til metangass og proteinpulver i løpet av timar. Proteinpulveret kan nyttast i fiske- eller dyrefôr. Marknaden for biogassanlegg i samband med det grøne skiftet er enorm. Ein reknar med at det skal byggjast 1.000 anlegg berre i EU dei næraste åra, og Hyperthermics sin grøne produksjonsmetode basert på bakteriar vil truleg ha stor konkurransekraft.
Hyperthermics vart grunnlagt i Ørsta av Jan Remmereit i 2008 og har i dag 10 tilsette ved kontoret i Ulsteinvik og 4 tilsette ved laboratoriet i Tyskland.
Etterpå vart det årsmøte med ordinære årsmøtesaker. Alle vedtak var samrøystes. Valet fekk dette utfallet etter innstilling frå Valnemnda:
Styret: Ivar Mork leiar
Andreas Ringstad kasserar
Kirsti Hareide Øvrelid
Eldri Vik
Ragnhild Kriken Garnes (ny 24)
Vara: Marit Aarsheim Steinnes
Sverre Sylte
Ingunn Giskeødegård Haddal
Det vanka elles påskjøningar til desse medlemene:
– Gunder Runde fekk påskjøning mangeårig leiing av Litteraturgruppe 1.
– Sverres Sylte fekk påskjøning mor mangeårig drift av Datatreffet.
– Kristian Fikkan fekk påskjøning for mangeårig drift av Datatreffet.
Alle tre fekk eit gåvekort pålydande kr 500.
Det var òg trekning av årets verekampanje for nye medlemer:
– Ingunn Mork Grimstad vann gåvekort på kr 500 for nytt medlem.
– Ivar Mork vann gåvekort på kr 1.500 for verving av nytt medlem.
Vervekampanjen gav 11 nye medlemer.