Fornybar energi

På den opne delen av årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid, på kveldstid tysdag 12. mars på Aktivitetshuset Vikholmen, vil dagleg leiar Harald Nordal i Hyperthermics fortelje om selskapet, biologien og teknologien som ligg til grunn for selskapet, og om korleis Hyperthermics vil bidrage til ei berekraftig utvikling. Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik. Denne fyrste delen av årsmøtet er open for alle interesserte. Fri entré og enkel servering.

Hyperthermics har utvikla ein teknologi som aukar produksjonen av biogass. Dei siste åra har utviklinga skjedd i samarbeid med verdas største operatør av biogassanlegg. Biogass har same eigenskapar som naturgass og består i hovudsak av metan. Biogassen kan difor erstatte og supplere fossil naturgass i gassrørsystema i Europa som flytande gass (LNG) til båt eller bil.

I 2023 blei det i EU produsert biogass tilsvarande 30 TWh. EU har sett seg som mål at dette innan 2030 skal aukast til 350 TWh og vidare til 950 TWh i 2050. Til samanlikning var norsk vasskraftproduksjon i 2023 ca. 135 TWh. For å nå desse måla, må det i dei næraste åra byggjast 1000 store biogassanlegg i EU, der Hyperthermics sine løysingar vil bidrage til auka produksjon og lønsemd.

Hyperthermics vart grunnlagt i Ørsta av Jan Remmereit i 2008 og har i dag 10 tilsette ved kontoret i Ulsteinvik og 4 tilsette ved laboratoriet i Tyskland.