Senioruniversitetet har gjort eit skup av dei sjeldne. Nestoren mellom norske diplomatar, Kai Eide, kjem til Ulsteinvik for å snakke om Ei verd i krise, om lagnaden til dei internasjonale avtalane for gjensidig tryggleik mellom statar han har vore med på å byggje opp. Ein internasjonal rettsorden som no vert truga frå fleire kantar. Møtet er ope for alle og vert halde på Sjøborg tysdag 24. oktober kl. 19:00, på sjølve FN-dagen. Inngangspengar kr 200. Om du vil unngå kø ved døra, kan du betale på Vipps 54 52 88. Merk betalinga med «Kai Eide» og tak med telefonen for å vise at du har betalt.
Kai Eide har vore ein av Noregs mest profilerte diplomatar gjennom dei siste tiåra. Han har mellom anna vore Norges ambassadør i NATO, i Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa (OSSE) og i Sverige. Han tok del i nokre av dei fyrste forhandlingane mellom Aust og Vest allereie på 1970-80-talet og vart ein sterk forkjempar for dialog og forpliktande samarbeid på tvers av jernteppet i Europa. Då Berlin-muren, fall var han statssekretær på Statsministerens kontor og gjennomførte nokre av dei fyrste politiske vitjingane til Moskva og tidlegare Sovjet-allierte land.
Eide har òg ein omfattande FN-karriere. Han arbeidde som Thorvald Stoltenbergs stadfortredar under Balkan-krigane i 1993-95 og vart deretter leiar av FNs verksemd i Bosnia-Herzegovina. Seinare vart han Kofi Annans utsending for å få i gang forhandlingar mellom Serbia og Kosovo om Kosovos status som sjølvstendig stat. I perioden 2008-10 var han FN-sjef i Afghanistan, ei tid han har skildra i boka Høyt spill om Afghanistan.
Kai Eide har også vore engasjert i konflikten mellom Israel og Palestina, samt i Libya-konflikten.
Dei siste åra har han vore engasjert i norsk næringsliv, mellom anna som styreleiar i Norsk-Svensk Handelskammer. Han er ein etterspurd føredragshaldar, der han dreg samanhengane mellom utviklinga omkring oss og verknadene på vårt eige samfunn.