Algoritmane styrer oss

Det vart ein mykje spanande og interessant kveld for dei meir enn 60 som møtte fram for å høyre professor Siv Måseidvåg Gamlem ved Høgskulen i Volda snakke om Kunstig Intelligens, forkorta til KI eller AI. Professoren arbeider ved Pedagogisk institutt med undervisning og forsking, og sjeldan har me fått høyre ein så glitrande pedagog greie ut om eit så nytt, framandt og vidsveimt emne.

Ho tok oss fyrst med på ei vandring gjennom den digitale historia frå oppfinninga av transistoren fram til verdsveven – og no sist Kunstig Intelligens. Det er ei utvikling som går så snøgt, at sjølv dei som arbeider med dette til dagleg, har vanskar med å halde fylgje, og styresmakter og lovgjevarar er mykje godt i bakleksa.

Ho tok føre seg sosiale media som Facebook og Instagram, der risikoen er stor for at me vert stengde inne i det ho kalla ekkokammer og filterboks. Aktiviteten vår på sosiale media vert analysert av algoritmar som freistar å finne ut kven me er som menneske, personlegdomen vår, verdiane våre, kven me har samvær med og interessene våre. Dette vert nytta til å gi oss meir av det som alt interesserer oss, og stendig mindre av det som kunne ha interessert om me berre vart gjort merksame på det. Me får også stendig meir spissfindig nettbasert reklame basert på små ord me kan ha lagt etter oss. Det kan ord som baby eller sykkel. I dette ligg skilnaden i høve til tradisjonelle papiraviser som gjev oss eit breitt bilete av samtida vår.

Slike ekkokammer er med på å forsterke fordomar og meiningar me alt har. Ein kan kome til å tru at det eg meiner, er utbreidde sanningar og verdiar i samfunnet og verda. Verst er det om ein vert fanga av konspirasjonsteoriar og falske nyhende, som svekkjer den ålmenne og gjensidige tilliten samfunnet vårt byggjer på. Kunstig Intelligens kan ikkje berre forfalske tekster, men òg foto og film. Så det gjeld å vere på vakt og røkje etter frå fleire kjelder sanningsgehalten i den me får presentert.

Ho var òg innom såkalla Big Data. Gjennom digitale tenester og kommunikasjon, vert det samla inn uhorvelege mengder av små bitar av informasjon om oss, som kan setjast saman til eit detaljert og omfattande bilete, til og med om helsa vår. Eitt er at dette kan nyttast til å sende oss målretta reklame, men me har ikkje kontroll på kvar denne informasjonen vert av. Den ligg kanskje på ein server på hi sida av jorda, og der kan den verte liggjande så lenger me lever, ja, lenger.

Eit lovverk for å kontrollere og regulere Kunstig Intelligens, som no gjennomsyrar tallause krinklar og krokar i samfunnet vårt, er på etterslep.

Kunstig Intelligens har òg mange positive sider som kan forenkle og trygge kvardagen vår. Til dømes i medisinsk diagnostikk, der Kunstig Intelligens er svært effektiv til å analysere røntgen- og skannerbilete, og kan oppdage kreftceller lenge før ein menneskeleg ekspert kan finne dei.

Til slutt gjekk Siv Måseidvåg Gamlem gjennom det som er forskingsfeltet hennar, korleis Kunstig Intelligens kan nyttast i skulen på ein måte som styrkar opplæringa og utviklar den kritiske sansen hjå elevane, slik at dei er betre budde i møtet med ei digitalisert verd der Kunstig Intelligens, på godt og vondt, får stendig større plass.

Til slutt fekk fleire frå møtelyden prøve såkalla VR-briller, der ein kan vandre og utføre handlingar i eit 3D-univers. Det var ingeniør Peder Smart Sefland som stod for dette, og for tryggleiken si skuld måtte dei som var nyfikne på denne teknologien sitje på ein stol.