Senioruniversitet i Ulstein og Hareid byr inn til nytt temamøte, denne gongen om kunstig intelligens. Det er professor Siv Måseidvåg Gamlem ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda som vil orientere om dette emnet. Møtet, som er ope for alle, vert halde i Aktivitetshuset Vikholmen torsdag 28. september kl. 19.
Kunstig intelligens har på rekordtid blitt ein global, kontroversiell snakkis. Sjeldan har ein nyare teknologi ført til ei like rask og sterk dragning mellom hallelujastemning og dommedagsprofetiar.
Kunstig intelligens gjennomsyrer stadig meir av kvardagen og ber i seg store moglegheiter – og kanskje like store utfordringar. Siv Måseidvåg Gamlem (AHL) vil fortelje publikum meir om kva kunstig intelligens er, korleis det påverkar samfunnet, samt ulike utfordringar med teknologien.
Kan kunstig intelligens styrke læring og undervisning i det 21.århundre? Siv er prosjektleiar for AI4AfL. Dette er eit forskingsprosjekt som skal utvikle kunstig intelligens-teknologi som kan analysere tekst, og generere tilbakemeldingar tilpassa den enkelte eleven. Siv vil også fortelje litt om dette forskingsprosjektet som starta i 2022.
Siv har òg med seg IT overingeniør Peder Smart Sefland, som vil modellere VR-briller og gi moglegheit for at publikum kan få demonstrert teknologien. Møtet er i samarbeid med dei årlege Forskingsdagane.
Det vert elles loddsal og enkel servering.
Foto: Tone Solhaug