Er kjernekraft klimavenleg?

Senioruniversitetet er i gang med eit nytt semester, og opnar med eit temamøte om kjernekraft. Temamøtet vert halde på Aktivitetshuset Vikholmen torsdag 24. august kl. 19:00.

Kjernekraft er ei energikjelde som har fått ny aktualitet siste åra som eit svar på auka etterspurnad etter utsleppsfri energi  verda over. Mange land satsar igjen på kjernekraft med nye og trygge reaktorar, mellom andre Sverige og Finland.

Klimavenner for kjernekraft er ein medlemsorganisasjon som arbeider for å spreie opplysning om kvifor moderne kjernekraft er ei klimavenleg og trygg energiform. Like eins at kjernekraft er ein naudsynt del i energimiksen av sol- vind- og vasskraft dersom me skal nå klimamåla.

Senioruniversitetet får vitjing av ingeniør Bjarne Hellesøe som er ein av frontfigurane i organisasjonen. Hellesøe vil snakke noko om moderne reaktortypar, der det er ei rivande utvikling, men mest om kjernekrafta sin plass i eit klimaperspektiv, mellom anna ved å samanlikne kjernekraft med andre energikjelder. Det vil gjelde tema som areal- og naturbruk, og ulemper med sol- og vindkraft i høve til kjernekraft.

Like eins risiko for liv og helse for ulike energikjelder. Avfall frå energi-industrien er eit òg viktig moment. Høg-radioaktivt avfall frå gamle kjernekraftverk kan vere verdfullt brensel for nye reaktorar og slik utarmast til det er nær ufarleg. Prisen på kjernekraft er gunstig sett i høve til levetid, som er 60-80 år for eit kjernekraftverk og berre 25 år for ein vindturbin.

Kjernekraft kan på same måten som vasskraft skalerast trinnlaust og leverast som basislast i eit nett med varierande mengde sol- og vindkraft, og kraftverka kan byggjast nær brukaren, noko som reduserer kostnaden med lange overføringsliner og energitap på vegen. Nye reaktorar kan masseproduserast gjennom standardisering og modularisering.

Den som vil setje seg litt inn i emnet på førehand, kan slå opp på sida www.klimavenner.no.