Putins heilage krig

Tysdag 9. mai kl. 19:00 byr Senioruniversitet i Ulstein og Hareid inn til temamøte med Helge Simonnes, opphavleg vanylving og tidlegare redaktør i Vårt Land. Temaet er Putins krig mot Ukraina med bakgrunn i den nye boka til Simonnes. Møtet er ope for alle interesserte og vert halde i Aktivitetshuset Vikholmen. Inngangspengar kr. 100,- og loddtrekning på billetten. Enkel servering.

Då Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022, kalla Putin det ein krig mot eit Vesten i åndeleg og kulturelt forfall. Putins heilage krig vart straks applaudert av den mektige patriarken Kirill i Den russisk-ortodokse kyrkja. Draumen om å bringe Russland attende til gamal storleik pregar Putin sine talar, og han spelar stendig på religiøse kjensler. Men korleis kunne eit av dei største kyrkjesamfunna i verda late seg leie av denne retorikken? Korleis kunne den russisk-ortodokse kyrkja velsigne ein blodig angrepskrig?

I Putins hellige krig kastar Helge Simonnes lys over korleis Putin har klart å innynde seg hos Den russisk-ortodokse kyrkja. Det religiøse frieriet minner om taktikken til Donald Trump, Viktor Orban og fleire politikarar på ytste høgre verda over. I russisk samanheng skriv samspelet mellom tsar og patriark seg hundreår attende i tid. Putin og Kirill har fornya denne tradisjonen. Dei opplever å ha eit gudsgjeve oppdrag om å bringe verda attende til Gud.