På sjølve dagen då Russland feirar Sovjet-Unionen sin siger over Hitler-Tyskland, 9. mai, vitja Helge Simonnes Senioruniversitetet med foredraget Putins hellige Krig. Det vart ein forvitneleg kveld for dei om lag 50 som hadde møtt fram.
Simonnes byrja med å gi eit oversyn over dei høgreradikale rørslene sin framgang både i Europa og Amerika, særleg dei som nyttar ord og vendingar frå det religiøse språket for å finne atterklang i folkedjupet. Me kjenner alle til Trumpismen i USA og Erdogans Tyrkia, men Simonnes nemnde og desse kreftene sin framgang ved valet i Italia, som nyst vart halde. I allianse med Putin-venen Berlusconi vann den nasjonalkonservative Giorgia Meloni valet under mottoet Gud, nasjonen og familien.
Simonnes gjekk vidare djupt og langt attende til røtene for den russiske religiøse nasjonalismen, heilt til Vladimir I, Ruslands Heilag-Olav, som kristna det første russiske riket med senter i Kiev på slutten av 900-talet. Det er desse lange linene som ligg til grunn for mange russarar sitt syn at Ukraina ikkje er nokon eigen nasjon, og som Putin nyttar til å rettferdiggjere åtaket på landet.
Putin har over denne klangbotnen alliert seg med patriarken Kirill, sjølve paven i den russisk-ortodokse kyrkja. Det er sterk rivalisering mellom dei ulike ortodokse kyrkjene i aust, og den russisk-ortodokse kyrkja ser på seg sjølv som den einaste rett-truande kyrkja, med eit oppdrag frå Gud til å stå imot sekularisering og moralsk forfall, særleg i Vest-Europa.
Putin, som har bakgrunn i sovjetisk ateisme, har med åra i aukande grad profilert seg som ein djupt religiøs mann med same retorikk som både Trump og Erdogan har nytta for å finne støtte i folkedjupet for ein sterk mann som kan berge nasjonen frå undergangen. Folkestyre, sekularisering og «moralsk forfall», som t.d. aksept og vern av homofile sine menneskerettar, er ikkje mindre enn sataniske påfunn.
Det vart ein forvitneleg kveld med ny kunnskap og ny innsikt i krefter som kan vere vanskelege for moderne, rasjonelt tenkande menneske å forstå. Det er arven frå opplysningstida på 1700-talet, sjølve fundamentet for våre vestlege samfunn, som no kan sjå ut til å verte svekt i møtet med autoritære og fundamentalistiske strøymingar med røter i mellomalderen.
Simonnes er ein dyktig formidlar, som greier å syne dei store linene i historia og røtene til den nye ustabiliteten me opplever i den vestlege verda etter meir enn 75 år med fred mellom stormaktene.