Vinn, vinn og vinn

Eit 50-tals medlemer og andre interesserte møtte fram for å høyre Brian Tsuyoshi Takeda sitt føredrag om selskapet Urchinomics, som han er gründer for. Møtelyden fekk ei oppleving den einskilde seint vil gløyme. Brian synte seg å vere ein eksepsjonelt dyktig pedagog og formidlar, og det han fortalde om dette eventyret gav fleire av oss hakeslepp. Sjølv garva fiskeskipparar måtte vedgå at det meste av det Brian fortalde om økologien på norskekysten var heilt nytt for dei.

Kven visste at den norske tareskogen kan lagre meir CO2 enn all skogen i dei nordiske landa til saman? Eller at kråkebollar kan leve i 100 år utan føde? Brian fortalde at 5.000 kvadratkilometer av norskekysten nord om Trøndelag no er ei øydemark, tareskogen er heilt nedbeitt av kråkebollar, og havbotnen er bokstavleg tala dekt av kråkebollar som berre ventar på ny føde – som aldri kjem.

Det er desse kråkebollane i dvale Urchinomics haustar, plasserer i oppdrettskar og fôrar med avfall frå tareindustrien. Etter nokre få veker i oppdrett er desse kråkebollane fulle av rogn og klare til å seljast på verdsmarknaden til 5.000 kr kiloet for rogna.

Marknadspotensialet for denne delikatessen er enormt i fleire verdsdelar og kapitalsterke investorar har no gått inn i selskapet. Mellom anna amerikanske WallMart. Urchinomics driv no oppdrett både i Japan, California, Canada og Noreg og fleire land kjem etter. Det er eit poeng for Brian og Urchinomics at oppdrettet skal vere nær konsumentane, slik at ein unngår flytransport. Oppdrett av kråkebollane gir null utslepp, det brukte vatnet vert reinsa. Urchinomics er eit sjeldan døme på at det går an å tene pengar på eit viktig miljøarbeid, regenerering av tareskogen.

Det største eventyret er vel at dette globale firmaet vert drive frå eit kjøkenbord i Vikemarka i Ulsteinvik.

Sjeldan har det vore så mange spørsmål frå salen som etter dette foredraget, og Brian kunne gje fyldige svar til alle.