På temamøte torsdag 20. april kl. 19:00, på Biblioteket i Ulstein Arena (N.B. ikkje Aktivitetshuset Vikholmen), har me bokstavleg tala ein godbit å servere: Brian Tsuyoshi Takeda vil fortelje om selskapet sitt, Urchinomics, og det verdsomspennande kråkebolle-eventyret med sete i Ulstein. Temamøtet er ope for alle.
Brian Tsuyoshi Takeda er CEO og gründer av Urchinomics. Fødd i Japan, vaks opp i Canada, studerte delvis i Sør-Amerika, og har vore gründer heile livet etter utdanninga som siviløkonom. Han flytta til Noreg i 2010 frå Canada i lag med kona, som er frå Herøy. Han er no busett i Ulstein, og styrer den globale verksemda si frå Vikemarka.
BAKGRUNN:
På grunn av overfangst av predatorartar, klimaendringar og forurensing, har me menneske skapt idéelle omstende for at kråkebollar har kunna eksplodere i store mengder langs kysten vår. Dei har beita ned tareskogen og endra eit av dei mest verdfulle øko-systema i verda som bidreg til CO2-fangst og biologisk mangfald. I kjølvatnet av denne kråkebolle-eksplosjonen ligg no det forskarane kallar ei biologisk øydemark. Denne øydemarka finn ein langs heile kysten av både Nordland, Troms og Finnmark. Forskarane estimerer denne øydemarka til å strekkje seg over 4.000 kvadratkilometer. Utan avbøtande inngrep kan denne øydemarka verte permanent i tiår, for ikkje å snakke om hundreår.
OM SELSKAPET:
Urchinomics fangar desse beitande kråkebollane, plasserer dei i dei landbaserte oppdrettsanlegg og fôrar dei opp med berekraftig fôr. Slik vert dei konverterte til premium sjømat, eller «uni», for sal til topp-restaurantar kringom i verda. Det direkte resultatet av å fjerne desse kråkebollane frå sjøbotnen, er gjenvekst av tareskog. Tareskogen kan restituere seg i løpet av 3-6 månader og igjen bidrage til CO2-fangst, biologisk mangfald og produksjon av oksygen.
Urchinomics vart oppretta i 2017, og har no to kommersielt skalerte oppdrettsanlegg i Japan og pilot-anlegg i California USA, i New Brunswick Canada og i Stavanger Norge. Selskapet fekk offentleg godkjenning frå UN Oceans Decade i 2021, like eins frå UpLink World Economic Forum og vart presentert hos World Economic Forum i Davos i 2022. Selskapet vart kåra til Norges Vels Gründer-pris i 2022 og «Eco-entrepreneur of the Year» frå Salesforce.