Bok – Løpe Ulv

Løpe ulv av Kerstin Ekman

Hausten 2022 kom ei lita bok som raskt vart lagt merke til. Så var det heller ingen kven som helst som ga ut boka. Tett oppunder 90 år gav Kerstin Ekman ut ei bok som vert karakterisert som ei perle: Løpe ulv. Boka vart nominert til Nordisk råds litteraturpris; ein pris ho har fått tidlegare for Hendelser ved vann (1994) til liks med ei rekkje andre litterære prisar. Boka har med sine 177 sider eit driv utan sidestykke. 

Samandrag:

Hendinga i boka er lagt til  ei lita bygd i dei svenske skogane i Jämtland. Hovudpersonen er Ulf, i eit livslangt ekteskap med Inga. Helsa skrantar, det er hjartet. Vi møter han i samband med at det skal feirast 70-årsdag, noko som han ugjerne er med på. Han stryk til skogs med børsa og hunden under førebuingane. Der har han ei gamal campingvogn som han oftast brukar i samband med jakt. Enno var ikkje jaktkvoten fylt. Men denne gongen ser han ulv der han sit og venter på at vogna skal verte varm nok. Mykje av handlinga i boka skal seinare sirkle om dette møtet med ulven han kalla Høgbein, ei oppleving han ville ha for seg sjølv. Hendingar etterpå kring Høgbein utviklar seg til eit lite krimplot og gjer boka spennande å lese.

Ekteskapet med Inga er skildra som eit nøkternt, men meiningsfylt fellesskap. Samhald og omtanke for kvarandre nærast tyt ut, der især Inga les mannen som ei bok når han er utav seg. Han har vore tilsett i skogforvaltinga og er framleis leiar i vaktlaget når boka startar. Der får han m.a. nokre etiske utfordringar knytt til mellom på eine sida å vere rettskaffen og melde frå om regelbrot – og på hi sida å bruke skjøn når han ser konsekvensane regelbrot kan få for utøvar.

Dette er ei bok som sondrar kring Ulf sitt liv med retrospektive hendingar knytt opp mot no-situasjonen. Hjarteproblema – og seinare infarkt – gjer at han ikkje maktar så mykje og får meir enn nok tid til å tenkje. Naturskildringar og tankar kring miljøutfordringar og «feil» politikk tek han stadig meir. Han endrar seg gradvis, og lesaren vert sett på sporet til fleire tema om t.d. avfolkingsproblematikk, færre landeigarar og kva snauhogst fører til, korleis vi ser på oss sjølv som eldre og meir.

Diskusjonen:

Litteraturgruppa har tidlegare hatt diskusjon i samband med Tore Kvæven si bok  Når landet mørknar (2018) om korleis dyr kan verte tillagt intensjonar eller sjel. Denne kom opp på nytt med Løpe Ulv, om ikkje like uttalt i denne boka. Dei aller fleste fann det fasinerande med ein slik fiksjon, medan det òg kom fram at ein i nett dette må ein streve med å finne tonen. Men alt i alt meinte vi at dette var ei særs god og velskriven bok som gav oss mykje.

Især vart det trekt fram at Ulf hadde nærast som ei openberring i møtet med Høgbein, den store hannulven, som endra forholdet hans  til natur og dyreliv. Naturopplevingar kan slik sett vere skjelsetjande. Eit slags oppgjer med sitt tidlegare liv, kanskje frå egoistisk forbruk tufta på spaning og personleg tilfredsstilling, til eit perspektiv på  vern og varsemd i omgang med natur og livet som utspelar seg her. Er mennesket det største rovdyret, undra ein seg.

Ei anna tolka boktittelen dit at vi alle kan kjenne oss som dyr og gå inn i det instinktprega framande. Ulf trudde kan hende på segna om at han sjølv kan ha vore ulv, derfor sleit han slik med å fortelje det. Dette kan nok gje rom for fleire tolkingar.  Det vart elles trekt fram at gamle, skjulte ting kan gnage på tankane, også når ein har eldre dagar med omsorg og vert akseptert som ein er. Det som elles tok alle, var skildringa av den årelange ekteskapsrelasjonen med den varmen som indirekte kom fram gjennom skildringa av Ulf og Inga. Mange kjenner seg nok att her.

Hallgerd Conradi

Litteraturgruppe 3