Årsmøtet 23

Eit halvt hundre medlemer møtte fram på årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid, torsdag 2. mars. Leiaren Ivar Mork helsa medlemene velkomne og fortalde litt om styret sine planar for året. Ein arbeider med mange spanande og interessante namn for temamøta i 23,  men ein møter svært høge honorarkrav som er langt ut over Senioruniversitetet sine finansielle ramer. Eitt namn er likevel klart. 9. mai kjem Helge Simonnes, tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, til Senioruniversitetet med eit foredrag med bakgrunn i den siste boka si Putins hellige Krig. I tillegg til temamøta kan det òg verte aktuelt med nye studiegrupper. Styret vil lodde stemninga for ulike idear.

Før årsmøtet heldt Knut Arne Høyvik eit foredrag med bakgrunn i Charles Remø sitt etterlatne manuskript, som hausten 23 kom ut i bokform med tittelen Minne frå krigsåra. Knut Arne Høyvik har vore prosjektleiar for arbeidet med boka. Gjennom tekst, bilete og tale fekk møtelyden eit fengjande og spanande innblikk i 17-åringen Charles si røming i lag med ein flokk andre unggutar over havet, fyrst til Færøyane og vidare til Storbritannia. Ikkje berre om kva som faktiske hende, men òg kva tankar denne uredde ungdomen gjorde seg om samtida si.

Etter foredraget var det kaffistund med vaflar, og årsmøtet tok til. Årsmeldinga viste at  Senioruniversitetet har hatt framgang i 22, ikkje minst på sosiale media med ein monaleg auke i fylgjarar. Medlemstalet har òg auka til 160 aktive medlemer. Det er rekord, vart det sagt av ein av veteranane i laget. Kasserar Andreas Ringstad gjekk gjennom rekneskapen for 22 som var gjort opp med overskot. Sverre Bjåstad la fram valnemnda si innstilling, og Ivar Mork la fram styret sitt framlegg til å auke kontingenten til 250 kr. Alle saker og framlegg vart vedtekne samrøystes.

Premiane i vervekampanjen var trekte, og Ragnhild Kriken Garnes vann premien for vervar, eit gåvekort på 1.500 kr. Premien til nytt medlem gjekk til Vigdis Garnes, eit gåvekort på 500 kr.

Atle Måseide og Voitto Jokinen, som har sagt frå seg attval etter mange år i styret, fekk takketale med rosande ord frå leiaren – og blomar og eit gåvekort attpå. Blomar gjekk også til Johs. Aklestad for avslutta spanskkurs.

Eit halvt hundre medlemer møtte fram på årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid torsdag 2. mars. Leiaren Ivar Mork helsa medlemene velkomne og fortalde litt om styret sine planar for året. Ein arbeider med mange spanande og interessante namn for temamøta i 23,  men ein møter svært høge honorarkrav som er langt ut over Senioruniversitetet sine finansielle ramer. Eitt namn er likevel klart. 9. mai kjem Helge Simonnes, tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, til Senioruniversitetet med eit foredrag med bakgrunn i den siste boka si Putins hellige Krig. I tillegg til temamøta kan det òg verte aktuelt med nye studiegrupper. Styret vil lodde stemninga for ulike idear.

Før årsmøtet heldt Knut Arne Høyvik eit foredrag med bakgrunn i Charles Remø sitt etterlatne manuskript, som hausten 23 kom ut i bokform med tittelen Minne frå krigsåra. Knut Arne Høyvik har vore prosjektleiar for arbeidet med boka. Gjennom tekst, bilete og tale fekk møtelyden eit fengjande og spanande innblikk i 17-åringen Charles si røming i lag med ein flokk andre unggutar over havet, fyrst til Færøyane og vidare til Storbritannia. Ikkje berre om kva som faktiske hende, men òg kva tankar denne uredde ungdomen gjorde seg om samtida si.

Etter foredraget var det kaffistund med vaflar, og årsmøtet tok til. Årsmeldinga viste at  Senioruniversitetet har hatt framgang i 22, ikkje minst på sosiale media med ein monaleg auke i fylgjarar. Medlemstalet har òg auka til 160 aktive medlemer. Det er rekord, vart det sagt av ein av veteranane i laget. Kasserar Andreas Ringstad gjekk gjennom rekneskapen for 22 som var gjort opp med overskot. Sverre Bjåstad la fram valnemnda si innstilling, og Ivar Mork la fram styret sitt framlegg til å auke kontingenten til 250 kr. Alle saker og framlegg vart vedtekne samrøystes.

Premiane i vervekampanjen var trekte, og Ragnhild Kriken Garnes vann premien for vervar, eit gåvekort på 1.500 kr. Premien til nytt medlem gjekk til Vigdis Garnes, eit gåvekort på 500 kr.

Atle Måseide og Voitto Jokinen, som har sagt frå seg attval etter mange år i styret, fekk takketale med rosande ord frå leiaren – og blomar og eit gåvekort attpå. Blomar gjekk også til Johs. Aklestad for avslutta spanskkurs.

Dette er det nye styret:

Ivar Mork, leiar

Karin Svendsen Holstad, nestleiar

Andreas Ringstad, kasserar

Eldrid Vik, styremedlem (ny)

Kirsti Hareide Øvrelid, styremedlem (ny)

Vara:

Marit Aarsheim Steinnes , møter fast i styret

Ragnhild Kriken Garnes

Sverre Sylte (ny)