Hugnadsamt julemøte

Torsdag 1. desember samla medlemene av Senioruniversitetet seg til det tradisjonelle julemøtet. Møtet vart i år halde på SUFH. Heile 35 medlemer hadde meldt seg på til ein hyggjekveld med god mat og god prat.

Julebufféten på SUFH var som vanleg fyrsteklasses. Det vart også servert dessert og kaffi.

Før maten heldt Asle Geir Widnes Johansen eit foredrag om liv og lagnad på Hareidlandet på 40- og 50-talet – gjennom eit mangfald av tidsbilete henta frå lokalavisa, både lesarinnlegg og redaksjonelt stoff. Ei mykje debattert sak på Hareid like etter krigen var kinoframsyningar. Der var kvasse innlegg i bladet både for og i mot. Somme meinte at filmframsyningar ville fremje passivitet og øydeleggje all hug og evne hjå ungdomen til å engasjere seg i aktivt kulturarbeid. Men då filmen Shetlandsgjengen vart vist på Hareid i 1954, vart det alle tiders publikumssuksess. Det kom det folk frå heile Søre Sunnmøre for å sjå filmen – der mange av heltane spela seg sjølve.

Asle Geir gav oss òg nokre bilete frå ulike kvinneliv midt på 1900-talet, slik det var skildra i artiklar som hylla namngjevne kvinner for alt dei hadde utretta i heimen og i lyd og lag ved fylte 50 eller 60 år, trass i mykje motgang med sjukdom, enkjestatus og barnedød.

Andreas Ringstad mora møtelyden under kaffien med utvalde skjemtesoger frå arbeidsliv og daglegliv. Like eins med uheldige formuleringar i avisartiklar og overskrifter som han hadde samla på. Sjølvsagt var det også soger om den vidgjetne handelsmannen Ludvik på Borja i Haddal, som var ein ordkunstnar utan like.

Kristian Fikkan trakterte pianoet med musikk til allsongen frå songheftet som var laga for dette høvet.

Det er grunn til å tru at alle tykte det hadde vore ein gild kveld, som det gjerne heitte i skulestilane våre.