Slava Ukraini!

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerte tema-møte 20. oktober. Tema var Ukraina. Sofiia og Kateryna, begge flyktningar frå krigen i Ukraina, hadde tatt på seg oppdraget med å fortelle oss om landet sitt. Sofiia stod for presentasjonen av landet. Kateryna underheldt oss med vakker song. Bidraga deira vart avslutta med den ukrainske nasjonalsongen.

Sofia opna med å fortelle korleis krigen så langt har gått. Deretter fekk vi sjå ei bilet-kavalkade over Ukraina . Frå nord til sør, frå aust til vest. Vi vart kjende med den geografiske plasseringa, landskap og elvar. At landet ikkje berre er ei stor slette, som mange kanskje førestiller seg, kom tydeleg for dagen da bileta frå høgfjella mot vest dukka opp.

Ukraina er Europas kornkammer. Landet er republikk med presidentval kvart femte år. Det er delt i 24 regionar. Hovudstaden Kyiv har om lag tre millionar ibuarar, dvs. 2/3 av Norges folketal. Landet er medlem av SN og har søkt om medlemskap i EU og NATO.

Vi fekk sjå bilete frå Sofiias yndlingsstader i Kyiv, og ho fortalde om dei sentrale hendingane frå 2010 og framover mot vår tid, t.d. om valfusket knytt til Janukowski og korleis han «forsvann» til Russland. Den ulovlege annekteringa av Krim i 2014 vart ikkje gløymd. Same år vart russiske soldatar sende til dei såkalla «utbrytar-regionane». I augneblinken driv russarane med ulovleg bortføring av ukrainske born. 8276 er sende til Russland, der dei blir fordelte. Tala Sofiia hadde, fortel at 425 born er døde på grunn av russisk framferd, 815 er såra, og ein leitar etter 251. Konsekvensen er at det vil vere totalt uråd å bygge opp eit godt forhold til Russland i framtida.

Den nåverande krigen tok til med Russlands åtak 24. februar. i år. Tre dagar seinare, 27. februar, feira ho 27-årsdagen sin i eit bomberom. Ikkje lenge etter flykta ho. Første del av reisa gjekk med tog. Det var stadig bombing på vegen. Ho kom til Krakow i Polen 5. mars. Der fekk ho hjelp. Og 7. mars drog ho med fly frå Gdansk til Hjørungavåg der ho har slektningar. Nå går Sofia på språkkurs og gav avslutningsvis prov på at ho er i ferd med å tileigne seg sunnmørsk språkkompetanse.

Sofia studerte medisin i Kyiv da ho drog derfrå. Om ho noen gong kan reise attende til landet sitt og arbeide som lege, veit ho ikkje. Slik stoda er, er ho takksam for all hjelp og støtte Norge er med på å gi.

Ref. Atle M.