Pruvit usim!

Torsdag 20. oktober står Ukraina i sentrum for eit nytt temamøte i Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Møtet vert på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Då får me vitjing av 27 år gamle Sofiia frå Kiev i Ukraina som har måtta røme frå heimlandet sitt. Ho skriv:

– Pruvit usim! Hei alle saman! Eg heiter Sofiia. Eg har budd i Noreg i sju månader fordi vi har krig i Ukraina no. 20. oktober vil eg fortelje deg om situasjonen der, om kvifor eg er her, og om før-livet i heimlandet mitt. Eg skal snakke engelsk, men Peter, broren til tremenningen min, kan norsk, og han skal hjelp meg. Eg håper du vil dele denne kvelden med meg! Do zustrichi! Ser deg!

Mange av oss fylgjer med gru krigen i Ukraina og lidingane og offera som dette folket må gå  igjennom for fridomen til det nyvunne fedrelandet sitt. Ukraina vart ein sjølvstendig stat så seint som i 1992, etter å ha levd under ulike russiske imperium sidan mellomalderen. I tiåra etter har dei streva  med å byggje eit demokratisk styresett.

Det må vere ekstra ille å verte invadert og bomba av eit broderfolk. Ukrainarar og russarar står kvarandre minst like nær som me i Skandinavia, og slekt og venskap har kryssa grensene i hundreår. Jamvel om russisk og ukrainsk er noko ulike språk, er det ikkje uvanleg å snakke begge språka flytande, særleg i grensetraktene, og den slaviske kulturarven er sams for begge nasjonane.

Temamøta våre er opne for alle, så nytt høvet til å møte Sofiia denne kvelden for å lære meir om Ukraina, som vikingar i austerveg la grunnen til. Til no har landet vore nokså fjernt for oss, men i det siste halve året har ukrainarane vorte som nære grannar å rekne. Det vil vere ei viktig oppmuntring og støtte for Sofiia – og dei mange flyktningane frå Ukraina mellom oss – om mange møter fram for å høyre henne fortelje. Fri entré, enkel servering og loddsal.