Eit 30-tals personar møtte fram til temamøtet med Sverre Bjåstad torsdag 29. september. Det var ei forvitneleg soge Bjåstad fortalde om granskar- og bokarbeidet han har drive med gjennom meir enn ein mannsalder.
Han fortalde om arbeidet sitt med å skaffe betre oversyn over personar knytte til bygdebøkene for Ulstein og Hareid historie, som for etter kvart mange år sidan vart utgjevne. Utgangspunktet hans var at bøkene mangla register som kunne gjere det mogleg å orientere seg når det gjaldt personar og familiar over fleire generasjonar.
Som svar på dette laga han, inspirert av kva ein hadde gjort på Stranda, ei «register-bok». Den kom i eit opplag på 1200. Finansieringa ordna han sjølv med lån med huset i pant. På denne tida, i 1981, var renta på lånet 18%. Rentene vart dekte med sal.
Første salsframstøyt var overfor Lidvard Rise ved Furnes og Rise sin bokhandel. Han tok inn to eksemplar av boka. Etter kvart vart boka utseld.
Ny versjon av boka kom i 2000 med nytt alfabetisk register der kvar person med foreldre fekk tildelt éi line. For å få inn opplysningane han trong, sende han ut skjema som mottakarane skulle fylle ut. 1/3 svara. Da skjemaet på ny vart sendt ut, kom atter 1/3 på banen med svar. Det enda med at han måtte ringe til alle. Sidan familieforholda vart viste ved at personen sitt namn vart knytt til faren sitt, vart han klaga til Likestillingsombodet. Dei aksepterte framgangsmåten av di den var i samsvar med slik ein alltid hadde gjort slikt arbeid.
Utflyttarboka 2007: Her vart dei som hadde flytta frå kommunane Ulstein og Hareid, registrerte saman med ektemake og born. Dei ein lykkast samle på dei respektive stadane, vart fotograferte. Fotografia kom med i boka.
Personboka 2020: Her er både mor og far til personen som er registrert med. Dessutan er forholdet mellom born og foreldre ordna slik at for gutane sitt vedkomande, blir dei refererte til mora. Døtrer blir knytte til far. Eit problem i dag som ein ikkje hadde tidlegare, er knytt til bruken av doble etternamn. Det skaper krøll i korleis ein alfabetisk skal plassere personane.
Jamvel om boka er digitalisert, vil den bli papirbok òg. Folk vil ha papirbøker. Det er dei som er enklast å bruke når ein ved kaffiselskap skal avgjere lokalhistoriske spørsmål.
Nytt prosjekt: Personboka 2025. Her vil alle gardsnummer i Hareid og Ulstein bli handsama, representert ved eitt eller fleire bruk. Han vil organisere oppsettet slik at kvart bruk/kvar familie som blir omtalt, får to sider. På sida til venstre vil det vere bilete av bruket slik det er i dag, pluss bilete av slik det såg ut for 50-70 år sidan. Dessutan skal det vere med eit bilete av familien. På høgre sida skal der vere eit «ane-kart», der foreldre og ektemakar er med, pluss ev. familiebilete.
Nokre familiar har flytta bort. Dei må med i boka, noko som gir fleire sider.
Då det er eit utval av bruk som kjem med i boka, ikkje alle, bør kanskje undertittelen vere «Gardar og folk».
Det kom tydeleg fram at Bjåstad har gjort eit imponerande arbeid, ikkje minst metodisk!
Ref. Atle M.