– Hent Bokja!

er ei utsegn som ofte fell kring bordet i oppheta diskusjonar ved ulike små og større familiesamkomer. Bokja er sjølvsagt Sverre Bjåstad si fyrste slektsbok frå 1987. Torsdag 29. september vil Sverre Bjåstad fortelje om arbeidet sitt på eit ope temamøte i Senioruniversitet. Møtet vert halde på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19:00, og det er er som vanleg fri entré, enkel servering og loddsal.

Me har spurt Sverre kvifor han har vorte så engasjert i bygdebøker.

– Det er fleire årsaker, byrjar han. Ættesogene for Ulstein og Hareid kom ut på 80-talet. Då hadde eg med familien min nyst flytta tilbake til Hareid. På Stranda hadde eg lært omgrepet bygdebok.

Til jul 1985 fekk eg 2 bygdebøker for Hareid frå mor mi. For meg ukjende bøker. Men akk, uråd å finne fram i! Her mangla eit register. I løpet av romjula hadde eg laga eit dataprogram for innskriving av namn fødselsår og sidetal for alle i bøkene som var fødde etter 1850. Eg engasjerte dei 3 borna mine til å vere med å skrive. Heldigvis tok vi også med dei to ættebøkene for Ulstein.

Dette vart starten av forfattarskapet av Registerboka (Bokja) i 1987, Personboka 2000, Utflyttarboka 2007 og Personboka 2020. På møtet vil eg fortelje om denne «vandringa».

Johan Ottesen gav i 2007/2008 ut: Tida flyg, bygdealbum for U/H. Flyfoto med bilde frå alle dei 75 gardane på øya. Dette saman med nye bilde og anekart laga frå databasen til Personbøkene, er utgangspunkt for eit nytt bokprosjekt som eg har arbeidd med det siste halvåret. Eg spør: Kan dette bli ei interessant bok for bygdefolket? avsluttar Sverre Bjåstad.