Grøn bylgje langs kysten

Torsdag 25. august opnar Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid haustsemesteret med eit ope temamøte på Vikholmen Aktivitetshus med eit foredrag av Kjersti Kleven, der ho stiller fylgjande spørsmål: Korleis førebur næringslivet på kysten seg til det grøne skiftet, enten dei har verksemda si til lands eller til vanns?

Kjersti Kleven er invitert til å snakke om det grøne skiftet ut i frå erfaringa si frå både maritim næring og andre bransjar.

Me har spurt Kleven om kvifor dette temaet engasjerer henne? «Dersom du driv næringsverksemd er det ikkje mogleg å vere likegyldig til dei krava og mulegheitene som dette skiftet gir», seier ho. «Det har vore veldig interessant å sjå korleis haldninga til berekraft har endra seg mellom næringslivsleiarar berre dei siste 3-4 åra», held ho fram. «Kunnskapsnivået har auka i rekordfart og dei fleste jaktar no måtar dei kan drive forretninga si på slik at det grøne skiftet blir eit konkurransefortrinn og ikkje ei ulempe. Men det krev mange grunnleggjande endringar som på ingen måte er enkle å gjennomføre i praksis», presiserer ho.

Kjersti Kleven vil illustrere temaet med døme frå verksemder i regionen. Kleven er styreleiar i Prodtex AS og styremedlem i Myklebust Verft AS, i tillegg til å vere dagleg leiar i Skaparhuset og prosjektleiar for NCE iKuben sin Tenketank for toppleiarar. Med denne bakgrunnen har ho god kjennskap til korleis det grøne skiftet artar seg her langs kysten.

Møtet tek til kl. 19:00. Sjå elles lysing i Vikebladet f.k. tysdag. Foto: Arne Flatin