Næringslivet satsar grønt

Eit 40-tals personar møtte fram på Senioruniversitet sitt temamøte med Kjersti Kleven. Tema for møtet var «Det grøne skiftet i næringslivet langs kysten». Kjersti Kleven innleidde med å peike på at Norge ikkje er «verdsmeister i grønt». I Tyskland var dei blant privatfolk for 30-40 å sidan i så måte komne lenger enn vi per i dag er i Norge.

At skiftet er i ferd med å skje, kan ein mellom anna sjå av ungdommane si haldning til arbeid. Mange av dei vil ikkje arbeide anna enn i bedrifter som tar miljø på alvor. På overnasjonalt hald er EU drivkraft i skiftet. Spørsmålet er korleis ein kan få dette til på sunnmørske premissar.

I vårt område er havet matfat. Havet er transportveg, hyser energi og råstoff for helse. Like eins turisme. Vi må difor ta vare på havet. Til nå har vi ikkje gjort det. Havet har vore boss-plass.

Når det gjeld næringslivet, er økonomisk overskott vesentleg. Korleis kan ein kombinere dette med eit grønt skifte? Kleven gav ein del døme frå utvikling av meir effektive propellar og reduksjonen på drivstoff-forbruk dette skaper, som viser at kombinasjonen på ingen måte er umogleg. Samtidig peika ho på den nye «openheitsloven» som påbyr at ein gir informasjon om vilkåra eit produkt er blitt til under, til dømes barnearbeid, kinesiske arbeidsvilkår og liknande. Ho hadde vidare døme på automatisering av arbeidsprosessar som både er effektiviserande og langt meir miljøvenlege enn måtar ein til nå har nytta.

Ho kom også inn på det såkalla «digitale skiftet» og gav døme på at og korleis digitalisering er vilkår for eit grønt skifte. Bruk av ferje, hevda ho, er mindre miljøvenleg enn bygging og bruk av bruer trass i elektrifisering av ferjene. Ei ferje skal ha ei levetid på 25 år, ei bru 125 år. Forlenging av levetid på produkta er viktig. Følgjeleg er til dømes fartøy som er lette å bygge om, i miljøsamanheng svært sentralt. I denne samanhengen kom ho inn på såkalla «sirkulær økonomi», at alt som blir produsert, skal gå tilbake og tene som materiale for ny produksjon. Det gjeld å unngå avfall.

Men dette skaper nokre dilemma: Å lage den mengda av vindmøller i løpet av eitt år som kraftindustrien hevdar dei treng, krev like mykje energi som bygging av 100 hurtigruteskip. Møllene krev også store areal. Det same gjeld solcelle-panel. Skiftet kan også gå ut over naturmangfaldet.

Og i alle fall: ein treng folk som skjønar korleis biologi og teknologi kan og bør kombinerast, og som kan lage business av det.